Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei salig samling av ting og tang, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær (23).

Skjoldvær har opna dørene til kontoret sitt i Torggata i Oslo, og viser journalisten til ein låg, mørkegrøn sofa som ser ut til å vera eldre enn øvste lovlege medlemsalder i Natur og Ungdom. Gjenbruk er sjølvsagt eit sentralt prinsipp for innreiinga hos landets største miljøorganisasjon for unge.

– Sofaen trur eg kjem frå Zero, kontorstolane er også frå

Ingrid har fått rolla som Ash på bursdagsveggen ved resepsjonen, der alle på kontoret har blitt til ein Pokémon.

Zero, pulten er frå Bellona. Elles er det mykje loppis, fortel Skjoldvær.

– Stolen din, er den frå loppis?

– Sikkert. Den er jo dritstygg. Me har akkurat kvitta oss med ein som ramla saman.

– De har ikkje brukt interiørkonsulent her?

– Nei, her køyrer me ein slags eigen stil. Eklektisk stil, ler Skjoldvær.

Sjamerande slitasje

For å nå fram til kontoret som Skjoldvær deler med dei to nestleiarane Gaute Eiterjord og Magnus Storvoll Strømseth, har me våga oss heilt inn i bakgarden, inn gjennom ei godt skjult dør og opp to trapper, forbi fleire kontordører dekte med plakatar og gamle avisutklipp.

Gentrifiseringa som har herja med den austlege delen av Torggata dei siste åra, har så langt ikkje gått utover NU-lokala, som har framleis eit preg av det me kan kalla sjarmerande slitasje.

– Me har vore her sidan slutten av 80-talet, og det har vel

Bassen tilhøyrer Silje Lundberg (leiar i Natur og Ungdom 2012-2014, no leiar i Naturvernforbundet). – Ho tok han aldri med seg då ho var ferdig her, seier Ingrid Skjoldvær.

ikkje vore pussa opp sidan den gongen, seier Skjoldvær, som kan røpa at dei har vore heldige med leigevilkåra.

– Me har ein veldig triveleg mann som leiger til oss, som ikkje er Olav Thon.

Møterom 3

Vanlegvis kryr det av folk her. For dei 20 tilsette og 15 frivillige som jobbar i NU – sentralstyremedlemer, medlemsbladredaktørar, prosjektmedarbeidarar, sekretærar – er den gamle bygarden i Torggata 34 sentrum for både jobb og fritid.

Når dei ikkje er her, har dei kanskje flytta nokre av dei mange møta sine ut i det yrande kafélivet i strøket – nærare bestemt til sykkelkaféen Peloton like rundt hjørnet.

– Me kallar det berre for «Møterom 3». Eg snakka med ei av damene som jobbar der ein dag, ho hadde veldig godt innblikk i kva me jobbar med og kunne fortelja om alt me gjorde. «Yes, you have your evaluation meetings here», hermar Skjoldvær.

Førebur rettssak

Den dagen Framtida.no kjem på besøk, er det likevel nesten tomt i alle dei fire etasjane. Resten av flokken er heime og kviler ut etter ein intens arbeidsperiode: Berre eit par dagar før har organisasjonen arrangert folkefest og demonstrasjon ved landsmøtet til Arbeidarpartiet, og kombinert det med ei stor feiring av sin eigen 50-årsdag (gratulerer!).

Mannskapet får ikkje liggja lenge på latsida; miljøet reddar jo ikkje seg sjølv.

– Me driv og lagar ein kjempesvær sommarleir i Lofoten med

– Dette ropeteiknet har kronprins Haakon måla, fortel Ingrid stolt. Den kongelege målingspåføringa skjedde under 50-årsfeiringa til Natur og Ungdom nyleg.

400 deltakarar. Elles driv me og saksøker staten, så me skal førebu ei rettssak i november, fortel Skjoldvær, men legg til:

– Det er mykje Lofoten. Alle i sentralstyret jobbar med den saka. Vanlegvis har me kanskje fem i sentralstyret som jobbar med éi sak, men no har me alle på dekk.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom går til sak mot staten

– Ikkje vår feil

– Eg synest de masar om Lofoten år etter år. Kan de ikkje finna på noko nytt?

– Det er jo ikkje vår feil. Det er politikarane sin feil at dei driv og skal trekkja opp den saka gang etter gang. Eg har jobba med den saka lenge, og byrjar å bli litt lei av å stå utanfor Arbeidarpartiet sitt landsmøte kvart år og ropa, seier Skjoldvær, som har deltatt på Lofoten-demonstrasjonar jamt og trutt sidan ho blei aktiv i organisasjonen i 2009.

– Det er for mange blitt ei symbolsak, men det er trass alt den einaste plassen der me har klart å stoppa oljeindustrien. Det arbeidet må me berre fortsetja med.

– Er de rolege på at det går bra denne gangen òg?

Ingrid har fått rolla som Ash på bursdagsveggen ved resepsjonen, der alle på kontoret har blitt til ein Pokémon.

– Me kan jo ikkje vera det, men me håpar jo at for kvar gang me vinn saka, så blir det litt lettare neste gong. Me får stadig større fleirtal i folket som er samde med oss.

Mykje romance

Miljøkampen er avhengig av at nye generasjonar naturvernarar kjem til. Den heimekoselege, kollektiv-aktige stemninga hos Natur og Ungdom bidrar heldigvis til det òg.

Skjoldvær kan nemleg avsløra at det blir mykje romance i og mellom kontora:

– Sambuaren min har også jobba her. Begge nestleiarane har kjærast frå kontoret. Mange av dei som har vore leiar i Natur og Ungdom har fått kjærast her. Det har blitt nokre babyar også.

På lageret i fjerde etasje ligg soveposar, liggeunderlag og ikkje minst kjeledressar klare og ventar på neste aksjon i ein fjord eller på ei vidde.