Changemaker: – Systemet er sjukt

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Systemet er sjukt, og me har den politiske behandlinga som må til, seier Tuva Krogh Widskjold, leiar i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Dei har i haust tatt opp problemet med medisinmangel i fattige land gjennom kampanjen «Fritt for medisin».

I dag skreiv dei ut resepten i form av ei to meter lang pille til stortingspolitikarane Anniken Huitfeldt (Ap) og Kari Kjos (Frp). Huitfeldt er leiar i utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget, medan Kjos er leiar i helse- og omsorgskomiteen.

Ønskemedisinar
Gjennom kampanjen har Changemaker samla inn 2.354 «ønskemedisinar» som folk har sendt inn: medisinar mot sjukdomar som det i dag ikkje løner seg for legemiddelselskapa å forske på, fordi dei i stor grad råkar fattige. Tuberkulose, zikafeber og hepatitt C er berre nokre av døma.

– Målet vårt er å setje fokus på at veldig mange menneske manglar tilgang til medisin. Me har i dag eit system der det ikkje er lønsamt å forske på dei medisinane som råkar fattige menneske, og der dei som lagar medisinane, kan setja kva pris dei vil, slik at fattige ofte ikkje har råd til dei, seier Widskjold.

Slik treng det ikkje vere, meiner ho.

– Me kunne ha laga eit anna system som fungerer betre til føremålet, som er at sjuke menneske skal få dei medisinane dei treng.

Tre krav
Medisinen Changemaker føreskriv, har dei oppsummert i tre krav:

Noreg bør støtte eit fond som premierer legemiddelselskapa basert på kor stor helseeffekt ein ny medisin har, mot at dei går med på å selje medisinen til det same det kostar å produsere han (Health Impact Fund)

Legemiddelforsking frå norske universitet bør gjerast open og tilgjengeleg for selskap som lagar billigare kopimedisin

At Statens pensjonsfond skal investere i selskap som bidrar til betre tilgang på medisinar, og ikkje det motsette.

Changemaker har alt fått delvis gjennomslag for det andre kravet, ifølgje Widskjold, ved at det er blitt sett ned ein komité som skal vurdere nye, nasjonale retningsliner.

– Det veldig gledeleg å sjå at universiteta har lytta til oss, og no håper me at politikarane kjem etter, seier Widskjold.

160
Anniken Huitfeldt (Ap) og Kari Kjos (Frp, til høgre) med pilla dei har fått overrekt av Tuva Krogh Widskjold i Changemaker. Kjempepilla symboliserer 2.354 «ønskemedisinar» som er sendt inn til kampanjen.

– Dei har jo rett
Politikarane som møtte aktivistane frå Changemaker på Løvebakken var slett ikkje avvisande til å svelje pilla.

– Det er veldig gode forslag. Dei har jo heilt rett, seier Kari Kjos til Framtida.no etter aksjonen, og stadfestar problemet Changemaker peikar på.

– Legemiddelindustrien er meir villig til å bruke forskingsmidlar på medisinar som kan selje mykje i rike land enn å utvikle medisinar for fattige.

Kjos fortel at ho vil ta forslaga vidare til helseminister Bent Høie, så han også kan ta dei opp med sine kollegaer internasjonalt.

– Påverkar også Noreg
Changemaker-leiaren har håp om at dei kan få med seg politikarane framover, ikkje minst på grunn av problemet med antibiotikaresistens, som meir og meir har kome på dagsorden den siste tida.

– Antibiotika er ein medisin det ikkje løner seg å forske på, og det har ikkje kome nye former for antibiotika på mange år. Det gjer at politikarane har byrja å bry seg, seier Widskjold.

Ho trekk også fram at norske pasientar i dag ikkje får den beste lungekreftmedisinen som er på marknaden, fordi han er for dyr for sjukehusa.

Ifølgje Changemaker-leiaren er det eit symptom på den same sjukdomen: Legemiddelselskapa som har patent på medisinen, kan ta så høg pris dei vil.

– Problemstillinga har vore viktig i veldig mange fattige land i mange år, men når me også ser at det påverkar Noreg, er det enklare å få politikarane til å bry seg.

Les også intervjuet med Tuva Krogh Widskjold frå i vår: – Verda er sjukt urettferdig