Helsespråket er dårleg på både nynorsk og bokmål

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritiserer helsespråket

– Dette ordet er ein elendig konstruksjon, også på bokmål. Det er eit dårleg ord, seier Arvid Langeland til Bergens Tidende.

Ordet han siktar til er «pasientforløp», og har kontakta Språkrådet om ordet. Dei støttar han i dommen. Han meiner «pasientløype» er eit betre alternativ, og «strakshjelp» bør erstatte «øyeblikkelig hjelp». Haukeland universitetssjukehus skal bruke nynorsk, sidan 30 av 33 kommunar i nynorskfylket er nynorskkommunar. Dei tre siste er språknøytrale.

Arvid Langeland er tillitsvald på Haukeland universitetssjukehus, og har kontakta Språkrådet om det han meiner er dårleg språk i Helse Bergen. (Foto: Norsk sykepleierforbund)

Tilrår nye ord

– Denne saka handlar ikkje om to einskilde ord, det er tale om statusen til nynorsk som sjølvstendig språk generelt og om nynorsk fagspråk spesielt, seier Langeland, seier han til avisa.

Språkrådet gjev han full støtte i sitt skriftlege svar:

«Pasientforløp er heller ikkje særleg vellaga sett frå bokmålssynstad. Ein sjukdom har opplagt eit forløp, medan ein pasient ikkje har det. Tilhøvet mellom leddet pasient og forløp er såleis svært indirekte og nokså anstrengt. Dersom det stemmer at det engelske førebiletet er patient pathway, skulle pasientløype vera ein god parallell på nynorsk.»

«Øyeblikkeleg hjelp er ein grov feil i nynorsk. Noko adjektiv augeblikkeleg er heller ikkje innarbeidd. Dersom ikkje strakshjelp er oppteke i ei anna tyding, vil vi tilrå det,» skriv språkdirektør Åse Wetås.

Nye ord gjer kommunikasjonen vanskelegare

Helse Bergen har sendt eit skriftleg svar tilbake til Språkrådet, der dei seier seg samde i at orda ikkje er særleg gode:

«Vi er einige i at pasientforløp ikkje er eit godt ord, verken på bokmål eller nynorsk. Men dette er eit innarbeid ord i helsevesenet, eit faguttrykk som blir brukt i ulike samanhengar og som har ei spesifikk tyding […] Det vil derfor vere vanskeleg å begynne å bruke andre ord som ikkje er innarbeidd i fagmiljø.»

Langeland tek opp saka som vanleg borgar. Men han er også føretakstillitsvald for Sjukepleiarforbundet og sit i styret i Helse Bergen.