Seks av ti fullfører høgare utdanning
NSO krev betre fagleg oppfølging av studentane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre seks av ti studentar som starta høgare utdanning i 2008, hadde fullført etter åtte år. Studentar som har foreldre med høg utdanning, gjer det best.
Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser nemleg at blant studentar som har foreldre med lang høgare utdanning er det 78 prosent som har oppnådd ein grad på åtte år.
Blant studentar med foreldre som berre har fullført vanleg grunnskule, var det 46 prosent som fullførte ein grad. I denne gruppa finn ein også den høgste delen studentar som ikkje fullførte utdanninga.
Ser ein alle dei nye studentane under eitt, uavhengig av utdanningsnivået til foreldra, hadde 25 prosent oppnådd ein høgare grad, fortel SSB.
Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner at universitet og høgskular ikkje gir studentane god nok fagleg oppfølging til at dei kan fullføre studiane. Nokre få har starta med ein fagleg rettleiar, noko NSO er positive til.
– Det å ha ein fagleg rettleiar gjer det lettare for studentar å oppsøkje faglege råd undervegs i studiane, og ikkje minst moglegheita til å diskutere korleis ein jobbar med faget. Vi forventar at dette er noko alle institusjonar gjer. Fagleg oppfølging er blant dei viktigaste tiltaka for å sikre at studentar fullfører studiane sine, seier påtroppande leiar av NSO, Mats J. Beldo, i ei pressemelding.