– Ikkje la avvikling av eksamen styre språkpolitikken

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet har kome med framlegg til tre ulike modellar som kan gi fleire opplæringsdagar og færre eksamensdagar for elevar på VG3.
Arbeidsgruppa skriv i rapporten at det mest interessante alternativet er eit eksamensopplegg der sidemålseksamen vert lagd til slutten av VG2.

Det får Noregs Mållag til å reagere.

– Ein kan ikkje setje heile sidemålsordninga i spel på bakgrunn av eit mandat om å sjå på organiseringa av eksamensdagane. Dette er offentleg norsk språkpolitikk, og han kan ikkje endrast berre for å gjere eksamensavviklinga meir praktisk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Krev brei høyring

Dersom Kunnskapsdepartementet vel å gå vidare med endringar av norsk språkpolitikk, må det ut på ei brei høyring, meiner han.

– Norsk er eit modningsfag. Det er ein fordel for elevane å trene på å skrive nynorsk og bokmål gjennom alle tre åra i vidaregåande skule. Det er også ein pedagogisk fordel for lærarane å kunne bruke denne vekslinga mellom skriving på bokmål og nynorsk, meiner Aasbrenn, som sjølv er norsklektor.

Han meiner òg rdninga kan vere problematisk i språkdelte område:

– Mange klassar på studieførebuande er språkdelte og har ei blanding av elevar som har nynorsk som sidemål og bokmål som sidemål. Korleis skal lærarane i desse klassane handtere ei satsing på sidemål i 2. klasse når «sidemål» omfattar begge språka, spør Magne Aasbrenn.

Føreslår ny løysing
Noregs Mållag ser ei heilt anna, og enklare løysing:

– Noregs Mållag vil enkelt og greitt ha to jamstilte og obligatoriske norskeksamenar på to ulike dagar ved slutten av 3. klasse, slik det var før trekk-eksamen i sidemål blei innført.

Den modellen arbeidsgruppa seier er mest interessant, kan ha eksamen i 3. klasse: Ved å flytte den føreslåtte obligatoriske sidemålsdagen for 2. klasse til 3. klasse. Ifølgje modellen skal VG2 ha sidemålseksamen på fredagen i eksamensveka. Den dagen er VG3-elevane sett opp med fri. Om VG3-elevane heller har sidemålseksamen denne dagen, vil dei da få tre skriftlege eksamenar over fem dagar, noko som bør vere akseptabelt. Arbeidsgruppa føreslår allereie at elevar på påbygging, som tar VG3-fag på eitt år, skal ha obligatorisk sidemålseksamen den dagen.