Får ikkje undervisinga dei har krav på

Utval føreslår å korta ned eksamensperioden til fem dagar og gi meir undervising før sommaren.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal elevane få meir undervising før sommaren

Skuleferien byrjar ikkje før 23. juni, men for mange er det lite undervising den siste månaden før sommaren.

Ei arbeidsgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet foreslår å korte ned eksamensperioden til fem dagar – slik at elevane får ei veke meir med undervisning.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer at elevane skal få meir undervising på slutten av skuleåret. Foto: Marte Garmann

– Vi veit at mange elevar i vidaregåande skule ikkje får alle undervisningstimane dei har krav på. Forslaget om å gi elevane ei veke meir med undervisning før dei avlegg eksamen er derfor interessant, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Han vil no vurdera forslaga.

Får støtte frå lærarane og elevane

I fjor haust kom ein rapport frå NIFU som viste at mange elevar ikkje får det minstetimetalet med opplæring dei har krav på.

Eksamensperioden er den viktigaste årsaka til at planlagde undervisningstimar fell bort.

Elevorganisasjonen og lærarorganisasjonane har vore med i arbeidsgruppa, og støttar forslaga.

Tilrår ikkje eksamen før 17. mai

Arbeidsgruppa har vurdert om eksamen bør flyttast til før 17. mai, men meiner dette ikkje vil vere ei god løysing.

Ei samla arbeidsgruppe meiner det er feil å ta omsyn til russefeiringa når skuleåret og eksamensperioden skal planleggast, og viser mellom anna til at ein tidlegare eksamensperiode vil gi kortare opplæringstid.

Arbeidsgruppa foreslår ei organisering av skuleåret der dei sentralt gitte skriftlege eksamenane blir gjennomførte i løpet av fem dagar. Det opnar for at opplæringstida i forkant av eksamen blir éi veke lengre enn i dag.

Arbeidsgruppa føreslår tre ulike modellar:

1) Omfanget og fordelinga av eksamenar mellom trinna som i dag: Tre skriftlege eksamenar og ein munnleg eksamen for Vg3, ein eksamen for Vg2 studieførebuande program og ein eksamen for 20 prosent av elevane på Vg1 studieførebuande. Eksamen i alle trekkfag for Vg3 blir gjennomført i løpet av to eksamensdagar, med to alternative oppgåvesett for alle dei sentrale programfaga.

2) Ei jamnare fordeling av eksamenar mellom trinna: Alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha ein eksamen på Vg1. På Vg3 reduserer ein frå tre til to skriftlege eksamenar. Det samla omfanget av eksamen vil vere som i dag for 80 prosent av elevane på studieførebuande program. Det blir ein auke i eksamenar for yrkesfag.

3) Seks  eksamenar for elevane på studieførebuande program: Ein eksamen for alle elevar på Vg1, to eksamenar (norsk sidemål og eitt anna fag) på Vg2, og to skriftlege og ein munnleg eksamen på Vg3. Dette alternativet synleggjer sidemål på Vg2 og programfag for elevane på Vg3. Forslaget er aktuelt dersom vurderingsordningane i norsk blir endra i samband med fornyinga av læreplanar. Arbeidsgruppa meiner denne modellen er mest interessant.