– Det må bli slutt på at rasisme og hatefulle utsegner får stå utan tilsvar i nettdebattar, seier SU-leiar Olav Magnus Linge.

mm

Sosialistisk Ungdom organiserer no antirasistiske nettaktivistar for å ta opp kampen for mangfold på internett.

– Rasisme og muslimhets er gift for fellesskapet i Noreg. Når hatefulle ytringar får stå uimotsagt gjer det kvardagen og liva til veldig mange i Noreg vanskelegare. Me kan ikkje ha det sånn at folk som bur i dette landet ikke føler seg velkomne på grunn av hudfargen eller den religiøse trua deira. Det er eit felles ansvar å stå opp mot rasismen, seier Olav Magnus Linge.

Vil seia i frå
Kristin Halvorsen har starta opp Jeg skal si ifra-kampanjen nær to veker sidan. Gruppa har fått nær 7500 medlemmar.

– Dette er ikkje ei masseorganisering, men ein måte ein kan visa sympati, og ein stad der ein kan seia ifrå om kvar det går debattar ein bør følgja med på, forklarar Linge til Framtida.no.

Organiserer
Sosialistisk Ungdom har også starta å organisera som ønskjer å delta for å imøtegå rasisme og hat i debattforum på internett.

– Det kan til dømes vera at me får melding om at det går føre seg ein debatt på VG Debatt der ein bør svara, fortel Linge.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

På nettsidene sine har Sosialistisk Ungdom ein antirasistisk database som kan brukast av aktivistar og andre, som viser både myter og fakta om innvandring og integrering.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE