Frykta er freden sin fiende

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korfor gjentar historia seg? Korfor er høgreekstreme rørsler igjen på frammarsj i Europa?

Vi veit kor ille det kan gå: Dokumentasjonen frå den andre verdskrigen er omfattande, grusom og avskrekkande. Men dei som overlevde krigen er ikkje lenger her for å minne oss på det som skjedde, og det ser ut som om Europa kan vere på veg inn i den same fella nok ein gong.

Det burde vore utenkjeleg. Det burde vore umogleg. Kan vi ikkje lære?

Framandfrykt og rasisme avlar høgreekstreme rørsler.

Vi har komme til ei tid der innvandrarar er skumlare å tenkje på enn minnet om krigen, og Europa stinkar igjen av frykt og hat.

Eg er redd, eg òg, men det er ikkje flyktningestraumen frå Syria og innvandring som skremmer meg. Det som skremmer meg er framandfrykten i landa som flyktingane kjem til.

Europa har ikkje vore så ustabilt på lenge. EU vaklar. Fellesskapet smuldrar i takt med at høgreekstreme rørsler veks fram.

Uroa er godt hjulpe av ei finanskrise som enno blir merka på kontinentet. Det skapar konflikt og ufred også på stader der det eigentleg er nok ressursar til alle. Der det er unødvendig å kjempe for å overleve, og unødvendig å frykte.

I Noreg har vi plass til fleire, og innvandrarar burde vore meir velkomne. Dei er framande, men ikkje farlege for oss. Så korfor er så mange skeptiske til dei? Korfor blir folk så redde for det ukjende?

Frykt er ei sterk kjensle, av dei som set mest preg på oss menneske og psyken vår. Ifølgje psykologen Daniel Kahneman og boka hans, Tenke, fort og langsomt, er det frykt som gjer at vi ofte ikkje tør å satse store pengebeløp i eit spel, sjølv om gevinsten er høg og oddsa gode. Det er den same frykta som gjer at menneske viser seg villige til å betale gode summar i forsikring, meir enn dei er villige til å legge ut for å få att same gjenstand – eller til og med kroppsdel – etter å ha mista den! 

Resultatet er at vi gamblar bort pengar i pengespel med låg innsats, men uendeleg liten sjanse for å vinne, samtidig som vi kastar bort millionar på unødvendig forsikring. Dette er rart, men den menneskelege frykta er så sterk at vi instinktivt følgjer den, i staden for å bruke fornufta. Det er altså trygt å seie at frykt fungerer irrasjonelt.

Evolusjonen må nok ta skulda for dette, for når det kjem til å overleve i ei usivilisert verd, så er det ikkje unyttig å overvurdere risiko. Det er meint å stoppe oss frå å gjere dumme val vi kan døy av, og skal slik sett halde oss trygge frå oss sjølv. Likevel er denne psykologiske refleksen noko av det skumlaste eg veit om. Det er fordi vi har ein annan ting i hjernen vår som også er meint å vere til hjelp, men som kan få reint utrivelege konsekvensar: kategorisering.

Ifølgje Kahneman er dette noko hjernen vår gjer automatisk og ufrivillig, ein tenkjer ikkje over det medan det skjer. Dette er praktisk i dei fleste tilfelle. Vi startar som babyar med å smake på alt vi kjem over, og deler inn ting i godtog ikkje godt, matog ikkje mat. Problemet kjem når vi kategoriserer menneske.

Barn og voksne, menn og kvinner, single og gifte, nordmenn og utlendingar. Tilsynelatande harmlause merkelappar. Men slike inndelingar skaper skilje mellom oss. Eit skilje som ofte resulterer i motsettingar, sjalusi, mistru og konflikt. “Oss” mot “dei”. Det er her det blir farleg.

Vi elskar å sette folk i bås, men vi hatar å bli plassert i ein sjølv. Når det gjeld andre ser vi svart-kvitt, men når det gjeld oss sjølv ser vi 50 Shades of Grey.

Er vi bygd slik at historia er nødt til å gjenta seg? Ikkje viss vi stoppar og tenkjer oss om. Vi kan nemleg styre fordommane våre!

Eit av Kahneman sine poeng i Tenke, fort og langsomt er at du kan overstyre automatikken i hjernen din når du er klar over den. Når du veit at du er disponert for å overvurdere risiko og kategorisere feilaktig, så kan du unngå å gjere det. Du kan unngå å gå i fella.

Du kan tenkje deg om og innsjå at ein flyktning er eit menneske, akkurat som deg, som er i ein vanskeleg situasjon. Og akkurat som deg, så likar dette mennesket tryggleik for seg og familien sin. Dei kjem for å finne fred, for å unngå krig og konflikt  ikkje for å skape det.

Skulle det bli krig, så skuldar eg ikkje på innvandrarane, men på dei som ikkje ønskjer dei velkomne.

LES OGSÅ: Hue er også eit hovudplagg – naudsynte refleksjonar i ein trongsynt debatt