Grøn bloggar heidra med nynorskstipend

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser for lite nynorsk i media og sosiale medium, og det er ingen tvil om at bloggen «Grønare kvardag» er ein positiv aktør her, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han seier den engasjerte måten Ullaland brukar språket på er eit døme på god kommunikasjon på nynorsk, og på at nynorsk blir stadig meir gjeldande på nettet.

Noregs Mållag viser til at «Grønare kvardag» har fått svært mykje mediemerksemd i nasjonale og internasjonale medium, og at Ullaland i bloggen kjem med mange konkrete og praktiske tips til korleis folk kan leva meir miljøvennleg i kvardagen.

Stipendet til Ullaland er eitt av to årlege nynorskstipend frå Noregs Mållag. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine stipendet skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann. Stipendet til Kristine Ullaland vart overrekt på ei tilstelling i Bergen laurdag 20. mai.

LES OGSÅ: Klassekampen-journalistar får nynorskpris