Nesten ingen syng på vidaregåande og i ungdomsskulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Syng nesten aldri i skulen

På ungdomstrinnet er det berre kring 1 prosent av elevane som syng kvar dag på skulen. 81 prosent syng aldri eller sjeldnare enn éin gong i månaden. På vidaregåande er ingen av lærarane som svarer at elevane syng kvar dag i skuletimane. To prosent syng éin gong i månaden. Resten syng sjeldnare eller aldri.

Det viser ei undersøking utført av Framtida.no med svar frå 422 norsklærarar i ungdomsskulen og vidaregåande om kor ofte elevane deira syng i timane.

– Det er ikkje berre skremmande. Det er meir enn skremmande, seier musikkprofessor Jan-Roar Bjørkvold.

I går kunne Framtida.no fortelja at berre kring halvparten av barneskuleborna syng kvar dag.

LES OGSÅ: Vil ha «Nordmannen» inn i skulen

– Bygger bruer
Bjarne Dæhli (bildet) i Norsk Musikkråd synest det er eit trist tap for elevane.

– Ungdomsskulen og vidaregåande kan vera ein krevjande fase for mange, og er ei tid i livet då me for alvor skaper vår eigen identitet. Me veit at song og musikk i undervisninga kan bidra til å jamne ut sosiale ulikskapar, og bidrar til å skapa fellesskap og tryggheit.

– I eit meir fleirkulturelt samfunn, som vårt, er det kanskje endå viktigare å møta kvarandre i ein annan form for kommunikasjon, held han fram.

– Song og musikk bygger bruer og opnar dører mellom folk. Det er ein ressurs me bør nytta oss av, slår han fast.

LES OGSÅ: Song er tatt ut av forslag til ny læreplan