Denne klassen syng nesten kvar dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.02.2022 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kjekt å syngja, og bruka stemma til noko anna enn å snakka og skrika, seier Lea Valvatne (13).

Ho går sjuande trinnet på Tjødnalio skule på Stord. Her byrjar elevane nesten kvar dag med songar dei har lært seg utanåt.

I ei undersøking Framtida.no og Pirion har gjennomført, viser det seg at berre kring halvparten av norske barneskuleelevar syng kvar dag på skulen. 80 prosent syng minst éin gong i veka.

Valvatne er samd med klassekameraten Odin Steinnes Kårbø i at dei er heldige som får syngja nesten dagleg.

I tillegg er det jamleg songstund for alle elevane på skulen.

LES OGSÅ: Lærer ikkje nasjonalsongen på skulen

Frå venstre: Iselin Bjelland (13), Kristian Siqveland-Nilsen (12) og Lea Skåla (13) synest det er ein fin start på dagen å syngja. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland

Vanskeleg «Ja, vi elsker»
Når me spør elevane om å syngja nasjonalsongen, så stemmer alle i. På neste verset blir det verre.

– Er det ikkje noko med «Norske mann i hus og hytte»? spør Lea Skåla (13).

Det nest siste verset er ofte brukt som det andre verset i nasjonalsongen, så ho har rett i det.

– Kva synest de om språket i «Ja, vi elsker»?

– Det er veldig fint, men litt vanskeleg, seier Iselin Bjelland (13).

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna