Kan du skilje mellom salt, surt, søtt og bittert?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Testar smakssans hos kreftpasientar

– Om eg skal vere slem, testar eg denne her på tunga til kollegaene mine. Då får dei køyrd smaksløkane sine litt, forklarar stipendiat Kristine Tanem medan ho rekk journalisten ein kvit papirstrimmel.

Framtida.no møter tannlegen på Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, der ho forklarar at papiret skal strykast fram og tilbake over tunga. Det smakar grapefrukt og smertestillande tablettar. Det er bittert, skarpt og ikkje særleg godt. Tanem smiler og forklarar at, ja, det er den verste av dei fire smakane i testen: søtt, salt, surt og bittert.

Den bitre papirstrimmelen er ein del av testen ho nyttar for å undersøke smakssans hos pasientar som har blitt behandla for hjernekreft. Ho kartlegg munnholeproblema som oppstår etter kreftbehandling, særleg hos barn, ungdom og unge vaksne.

Så mange som 85 prosent av kreftpasientar får smaksendringar medan dei er under behandling. Tanem undersøker om smakssansen kjem tilbake i åra etter at behandlinga er ferdig.

EU-kontroll for kroppen
Så langt har 38 pasientar delteke i forskingsprosjektet. Tanem har ansvaret for å kartlegge tannhelse, smak og luktesans hos pasientane, medan andre spesialistar undersøker hjerne, auge, øyrer, lunger, tarmsystemet og den generelle helsa.

– Dei får ein 2-dagars EU-kontroll for heile kroppen, seier stipendiaten.

Etter at ho var ferdigutdanna i 2013 arbeidde ho eitt år som skuletannlege i Halden, og deretter ved ein klinikk i Oslo. Før ho tok til på doktorgraden hjelpte ho til på deltid til eit forskingsprosjekt.

– Eg vart biten av basillen under i masteroppgåva mi, og likte at det var mogleg å ha ein jobb som inneber å stille spørsmål og undre på ting, forklarar forskaren.

LES OGSÅ: Kristin nyttar sin eigen hund som forskingsobjekt

Endra smakssans etter kreftbehandling
Eitt av spørsmåla ho vil ha svar på er korleis det står til med smakssansen hos pasientar som har hatt kreft. Har kreftbehandlinga endra korleis dei smakar mat og drikke?

(Spørsmålet «Kva smakar kreftpasientar» kan også tolkast til at Tanem tek ein bit av kvar pasient, noko som ikkje er tilfellet. Det er kreftpasientane sin smakssans som er interessant, ikkje smaken av dei.)

Til smakstestane ber Tanem kvar pasient om å fortelje kva smak dei kjenner på dei kvite papirstrimlane. Før trudde ein at dei ulike smakslaukane hadde kvar sine plassar på tunga, men no veit ein at dei er fordelt utover heile.

I eksperimentet er det berre tuppen av tunga som får prøve seg, om mellom kvar test får pasientane skylje munnen med vatn. Opplæring i korleis gjennomføre og tolke smakstestane har Tanem fått frå forskar Preet Bano Singh, som har ein doktorgrad i smak.


I kvar av røra er det ein papirstrimmel som smakar anten søtt, salt, surt eller bittert. Foto: Åsmund H. Eikenes

LES OGSÅ: Dette er det Sunniva Rose eigentleg driv med

Kartlegge seinskadar
Tanem kartlegg om pasientane manglar visse typar smakssans, om dei har endra smaksoppleving, eller om dei er oversensitive for ein eller fleire av smakane. Nokre kan ikkje kjenne att smaken før dei får prøve den høgaste konsentrasjonen, medan andre blandar mellom surt og salt.

– Dei har ulik livserfaring, og også ulik genetisk variasjon, så det er ikkje alltid så lett å vite om pasientane trur at den smaken dei har på tunga er surt, når det eigentleg er salt, forklarar Tanem.

Tanem fortel at både cellegift og stråling kan påverke spyttproduksjonen hos pasientane. Utan spytt vert det vanskelegare å smake både mat og drikke. Pasientane med tørr munn kan også lettare få infeksjonar og hol i tennene. Hos andre er smakslaukane på tunga øydelagde, og hos nokre kan operasjonen for å fjerne ein hjernesvulst også påverke smakssenteret i hjernen.

– Pasientane er svært ulike, men det er viktig for oss å prøve å få ein oversikt over dei såkalla seinskadane som oppstår lenge etter behandling for hjernekreft. Vi lærer mykje som vi håpar å ta i bruk for dei som får hjernekreft i framtida, seier Tanem.

Ein del av heile mennesket
Ho fortel at endra smaksopplevingar kan påverke gleda med mat, noko som igjen kan gjere at folk ikkje får i seg nok næring.

– For mange kan det vere sosialt avgrensande at dei ikkje har nokon glede av mat. Det kan vere veldig fortvilande for dei å ikkje smake noko som helst.

Det finst diverre ingen enkle triks for å fikse smaksopplevingar, men for ein del av pasientane kan tiltak som aukar spyttproduksjonen også bidra til å betre smaksopplevinga deira.

Kartleggingsarbeidet til Tanem er ein del av det store biletet av livet etter behandling for hjernekreft. I andre delar av doktorgradsarbeidet møter ho pasientar som har hatt andre krefttypar, og ho fortel at det er både skilnader og likskapar mellom ulike pasientgrupper. Ho meiner det er viktig at tannhelse, lukt og smak vert sett på som ein del av heile pasienten.

– Eg vil knytte munnen saman med kroppen. Munnen er mykje meir enn eit sett med tenner, avsluttar ho.

Møt fleire unge forskarar som fortel om ein DINGS

Faktaboks

Kristine Eidal Tanem

Stipendiat ved det Odontologiske fakultet, UiO

Forskar på smak- og luktesans hos kreftoverlevarar

Dings: papirstrimlar som smakar sal, surt, søtt eller bittert.