Mållaget er uroa.

NPK
NPK

Eit fleirtal på Stortinget vurderer å flytte Språkrådet ut av Oslo, men Noregs Mållag er bekymra for at det vil gå ut over kompetansen. 

Styret i Mållaget drøfta saka i eit styremøte 18. mars og kom fram til at dei er skeptiske til om Språkrådet vil klare å gjennomføre alle oppgåvene det i dag gjer viss rådet blir flytta.

– I dag har Språkrådet ein svært kompetent stab, og ein må vente at dei fleste av desse vil søkje seg vekk dersom Språkrådet blir flytta til ein annan stad enn det sentrale austlandsområdet. Kvar femte tilsett har doktorgrad, så godt som alle har mastergrad. Det vil ta fleire år før Språkrådet er operativt på same nivå, heiter det mellom anna i utsegna frå Mållaget.

Dei viser til at Språkrådet er avhengig av eit sterkt språkfagleg miljø rundt seg, og at det i dag berre er dei største universitetsbyane, Oslo og Bergen, som kan tilby dette.

(©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE