Då dei fekk «feilsendte» pengar i posten, sendte dei rike brevet i retur dobbelt så ofte.
mm

Onkel Skrue er verdas rikaste and, men han er også ein skikkeleg gniar som aldri deler med andre. Me har også lært av Jesus at «det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike».

Rike blir ofte framstilt som omsynslause og sjølviske. Men er det eigentleg slik?

Ein ny forskingsstudie viser eit anna bilete. Etter å ha samanlikna haldningane til rike og fattige gjennom eit kreativt eksperiment, konkluderer økonomane James Andreoni, Nikos Nikiforakis og Jan Stoop med at myten om dei egoistiske rike sannsynlegvis ikkje stemmer.

LES OGSÅ: Økonomi forklarar innvandringsskepsis, ifølgje rapport

Feillevert post
Forskarane la brev i postkassa til 180 rike husstandar og 180 fattige husstandar i ein mellomstor by i Nederland. I den delvis gjennomsiktige konvolutten låg eit kort med ei helsing frå bestefar saman med ein ein liten sum pengar, som varierte mellom 5 og 20 euro.

Eit triveleg brev å få i posten, altså. Problemet var sjølvsagt at alle breva var adresserte til nokon andre, men hadde «hamna feil i posten». Mottakarane fekk dermed eit val: Skulle dei senda brevet i retur, eller behalda det sjølve?

Ved å følgja med på kven som returnerte breva, ville forskarane sjå kven av dei rike og fattige familiane som var mest usjølviske. Ingen av dei som fekk brevet, visste at dei var med i eit eksperiment, så ingen kunne gjera seg «snillare» enn dei eigentleg eg er – eit vanleg problem i andre, liknande studiar.

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land

Stor forskjell, ingen forskjell
Resultatet var slåande:

81 prosent av dei rike husstandane sendte brevet i retur. Berre 38 prosent av dei fattige husstandane gjorde det same.

Forskarane er raske til å peika på at dei fattige har mykje større nytte av ein ekstra slump pengar, og at fleire av dei rike heilt sikkert ville ha gjort det same om dei hadde skifta plass.

Når dei tar omsyn til denne effekten i modellane, konkluderer forskarane med at det ikkje finst nokon vesentleg skilnad mellom gruppene. Den største forskjellen mellom rike og fattige er rett og slett berre at dei rike har meir pengar, slår dei fast.

LES OGSÅ: – Vi er rike fordi dei er fattige, seier «Sweatshop»-Frida

– Fattige ville ha gjort det same
– Funna våre frikjenner ikkje dei rike for den egoistiske åtferda deira når dei unndrar skatt eller bryt lova. Det dei viser, er at rike ikkje er annleis enn andre: viss me sette fattige i deira stad, ville dei sannsynlegvis ha gjort det same, skriv forskarane Andreoni, Nikiforakis og Stoop.

For ordens skuld: Studien seier ingenting om kor egoistiske dei rike er når det gjeld korleis dei brukar sine eigne pengar, eller når det gjeld kva slags politikk dei støttar.

LES OGSÅ: – Me må tenkja realistisk om politikk, seier filosofen som vann Holbergprisen 2017

Oppdatert: tysdag 15. august 2017 10.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE