10 millionar kroner til internasjonalt samarbeid i grunnskulelærarutdanninga.

NPK
NPK

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) får 10 millionar kroner av regjeringa for å etablere eit internasjonalt program som skal leggje til rette for meir internasjonalt samarbeid i grunnskulelærarutdanninga.

– Det er ikkje så mange studentar på lærarutdanninga for grunnskulen som tar utveksling i utlandet. Vi meiner det er viktig å få internasjonale impulsar, og ønskjer derfor å stimulere til auka internasjonalt samarbeid, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I budsjettet for 2017 har regjeringa sett av pengar til oppfølging av strategien "Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen". Av desse midlane har kunnskapsministeren vedteke at 10 millionar kroner skal brukast til å opprette eit internasjonalt partnarskapsprogram for grunnskulelærarutdanningane i regi av SIU.

– Det er eit mål for regjeringa at både fagmiljø og lærarstudentar ønskjer å inngå internasjonale samarbeid, seier kunnskapsministeren.

Partnarskapsprogrammet vert etablert i samband med innføringa av dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane på masternivå som startar hausten 2017.

LES OGSÅ: Ungane skal bada i ord

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE