Ungane skal bada i ord

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me skal ha språkstimulering overalt, seier Aud Nilsen pedagogisk leiar i Sveio barnehage entusiastisk.

Nesten kvar centimeter av veggane i barnehagen i Sveio er dekka av ord, bilde og plakatar. I ein kosekrok sit Elisabeth Bjørnsen Leland og les for to av barna.

– Blomen kan me lukta på, seier ho.

Begge barna lener seg fram, heilt inn til boksida.

– Mhm, kjem det samtykkande frå dei to små.

Sveio er ein av dei 27 første kommunane i landet, og den einaste i Hordaland, som kan kalla seg språkkommune.

Aud Nilsen er éin av fire ressurspersonar frå kommunen som reiser på jamlege samlingar på Gardermoen. Der ventar rettleiing, oppgåver og fagleg påfyll saman med andre som deltar på språkprosjektet til kommunen.

Slik kjem dei minste ungane og peiker på kva bok dei vil lesa, viser pedagog Aud Nilsen. Favoritten for tida er «Babblarna».

Dårlege leseresultat
– Utlysinga frå Utdanningsdirektoratet om å bli språkkommune passa som hand i hanske, seier Solfrid Lier Habbestad, kommunalsjef for oppvekst og kultur.  

Behovet var der. Elevane hadde gjennom fleire år skåra dårleg, spesielt på lesetestar. Kommunen kan rapportera om mange elevar på barnesteget som ligg på det lågaste meistringsnivået innan lesing.

Prosjektet kom akkurat på rett tidspunkt, ifølgje kommunalsjefen. Lese- og skrivesatsinga i Sveio rettar seg mot barn frå 0 til 16 år. Å vera språkkommune trur ho kan gi kommunen viktig drahjelp vidare. 500 000 kroner har kommunen fått til satsinga.

I tillegg til å auka fokuset på språk, lesing og skriving i barnehage og skule, har ordførar Jorunn Skåden vore ute og delt ut bokpakkar til barnehagane.

– Språkutviklinga startar tidleg. Det er for seint å byrja i 5.klasse. Språkarbeidet må systematiserast allereie i barnehagen, seier ein engasjert Petter Steen jr., rådgjevar ved skulekontoret i Sveio kommune.

LES OGSÅ: «– Målet er å unngå at folk rundt deg skal tenkja «stakkars utlending»

Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad og rådgjevar Petter Steen jr. ønskjer å forbetra dårlege leseresultat, og er svært nøgd med språksatsinga Sveio kommune nå gjer.

Språk sett på dagsorden
På småbarnsavdelinga i Sveio barnehage blir grunnsteinane lagde. Kommunikasjon og språk jobbar dei tilsette systematisk med gjennom heile dagen.  

–  Gjennom å vera språkkommune får me vidareført språkarbeidet vårt, seier Nilsen.

Barnehagen har 46 barn og 12 vaksne, og ein jobbar mykje med å ha eit godt språkmiljø, og auka ordforrådet. Ei rekkje verkemiddel blir nytta, og til dei minste er «Babblarna»-serien tatt i bruk for å stimulera språket, fortel Nilsen.

Figurane og bamsane frå serien er med ungane gjennom heile dagen, og dei tilsette opplever at jo meir kjende dei minste er med figurane, jo meir deltar ungane aktivt under lesesamlingane. Barnehagen har også rundt tjue bokkassar som dei bruker til høgtlesing.

– Det er éin bokkasse til kvar bok. I kassen er det små leker og gjenstandar som ein også finn i boka. Desse vert brukte til å visa og fortelja med, medan ein les høgt for barna, forklarer Nilsen.

I Sveio les og fortel dei seg gjennom alle situasjonar. Frå boklesing under pottestunda, til fokusord under påkledinga og songkort under måltida. Språkbruk er verkeleg sett på dagsorden i Sveio barnehage.    

– Jo meir ein les, jo meir blir ungane glade i det, fortel Nilsen smilande, som ønskjer å utvida barnehagen sitt prosjekt med at foreldre kan låna heim bøker å lesa i.

F.v. Mathilde Wirkola Lye, Mathias A Bjørge, Lilja Wistrøm, Vanessa Tveit Sørbø, Emine Stokkenes er flinke å delta i lesestunda med Elisabeth Bjørnsen Leland.

LES OGSÅ: «– Det er ikkje alltid eg gidd å ta fram nynorsken»

Bokmålsutfordringa
Sveio kommune ligg nord for Haugesund, og det er ingen tvil om at nynorskkommunen Sveio vert utfordra av nabokommunen når det gjeld språk. Petter Steen jr., som er tidlegare lærar og Haugesundordførar kjenner situasjonen godt.

– Mange blandar nynorsk og bokmål. Når elevane byrjar på vidaregåande i Haugesund er det ikkje uvanleg å skifta til bokmål, seier han.

Både Steen jr., kommunalsjefen og Nilsen skryt over satsinga til Utdanningsdirektoratet på språk.

– Ein har tatt inn over seg at språk er grunnlag for all læring. Det er bra at direktoratet trykker sånn på med språkprosjektet. Opplegget er fantastisk flott, seier Steen jr.

– Me har aldri jobba så mykje med ei satsing som me gjer nå, fortel Habbestad.

Nå er det berre å håpa på at satsinga kjem til å visa igjen på framtidige leseprøvar. Forholda ligg i alle fall til rett for det i Sveio.

LES OGSÅ: «Det finst elevar som har bokmål som sidemål»

«Mopp og Mikko» er ei kjekk bok, tykkjer barna. Elisabeth Bjørnsen Leland er flink til å få barna med seg.

Lesing fører til lek med traktoren frå «Mopp og Mikko»-boka. Mathias A Bjørge lastar på dyr på lasteplanet.

Faktaboks

Språkkommune

• Styrkar arbeidet med språk i barnehage, grunnskule og vidaregåande.
• 27 kommunar i landet.
• Får fagleg støtte frå Lesesenteret og Skrivesenteret.
• Rettleiing i bruk av Språkløyper.
• Tilsette/ressurspersonar er med på nettverksmøte.
• 1. mars var søknadsfristen for å bli ny språkkommune frå hausten 2017.