«Det finst elevar som har bokmål som sidemål»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6 myter og fakta om nynorsk

Høgre og kunnskapsminister Isaksen la 11. januar denne månaden fram eit programutkast (pdf) der dei foreslo å fjerne karakter og eksamen i sidemål. Sidemål. Sidemål. Sidemål.

Resultatet vart som me har sett før – ein debatt om nynorsk. Eller skal me kalle det for rykteflaum. Denne gongen var det veterinær Mostue som forsøkte å ta eit oppgjer med den «helvetes nynorsken». Eg ser det verserer mange rykte om denne målforma i kommentarfeltet på Facebook-sida hennar.

Til dømes: 
«Skjerp dere, ingen i hele verden har brukt for nynorsk bortsett fra en gjeng nordlendinger. Kos dere med språket deres, men la oss andre være i fred. Det er et overgrep å tvinge noen til å lære noe så ubrukelig. Tiden er overmoden til å bytte ut nynorsk med flere timer i nyttige fag. Fag som folk flest får brukt for. Det er lov å bruke sunn fornuft selv om du er nordlending.»

LES OGSÅ: Vert hetsa for nynorskbruk i NRK Troms og Finnmark

Ikkje skuld på nordlendingane
Ein ting skal vere sikkert. Det vert litt dumt å skulde på nordlendingane. Mor mi er frå Helgeland, men eg kan liksom ikkje kjefte på ho neste gong inkjekjønnsbøyinga surrar seg til for meg. Det finst ikkje éin nordnorsk kommune som nyttar nynorsk som hovudmål ein gong.

Her har me ein gjengangar:
«Helt ærlig, skjønner ikke vitsen med å lære nynorsk. Et oppkonstruert språk, ikke mange steder de snakker rent nynorsk. Dialekter er spennende, men det holder med et skriftspråk…»

I tillegg til:
«Nynorsk er et oppkonstruert språk som ingen snakker. Få det bort, sammen med samisk, fortere en f..n»

Nynorsk er ikkje meir oppkonstruert eller kunstig enn andre skriftspråk – slik som dansk, bokmål eller samisk. Ein kan skulde på Ivar Aasen for nynorsken. Eller ein kan skulde på Knud Knudsen for bokmålet. 

LES OGSÅ: Nynorsk-politikarane snakkar enklast

Ingen snakkar bokmål
Eit velkjend rykte tek utgangspunkt i at ingen snakkar «reint nynorsk». Dette er faktisk heilt sant. Ingen gjer det. Nynorsk er ikkje ei dialekt, og ingen snakkar då heller nynorsk. Ikkje snakkar folk bokmål heller for den saks skuld.

Med så mange ukorrekte påstandar er det ikkje rart at «Bygde uhyret» kjende seg erta av Mostue som skreiv fylgjande: 

«Ja ,nå har jeg nok ertet på meg Bygde uhyret . Men jeg mener hvert ord .Om dette hjelper med å sette fokus og spørsmålstegn på hvor mye vi vektlegger Nynorsk i skolens pensum , så har jeg oppnådd det jeg ville .»

… og ja:
«Men hvorfor tar folk dette så personlig ? Vi snakker om et konstruert skriftspråk fra 1800 tallet …Er det ikke på tide å dra opp nisse lua og kikke på en verden og en generasjon som har forandret seg ?»

Les også Mostue-svaret: «Du viser ei kunnskapsløyse, som du verkar å vere stolt over»

6 fakta om nynorsk
Jepp. Kall meg gjerne «bygdeuhyr» med nisselue. No skal eg dra den opp og forklare korleis ting kan sjåast frå mi og andre «uhyr» si side:

1) Det finst ei verd utanfor ring 3 i Oslo (som har forandra seg, ja) der nynorsk faktisk er i dagleg bruk.

2) Det finst generasjonar (som også har forandra seg) som har nynorsk som hovudmål.

3) Det finst stadar der skilt, aviser og plakatar er på nynorsk nettopp fordi nynorsk er føretrekt.

4) Det finst folk som tek «dette» personleg då det er som eit angrep på deira identitet.

5) Det finst elevar som har bokmål som sidemål (og som slit med det) – tru det eller ei. 

6) Det finst menneske som tek til orde nynorsk utan å vere «fanatiske» fordi dei kjempar for rettane til skriftspråk som er jamstilt med majoriteten sitt.

Når alle negative, fordomsfulle og kunnskapslause rykte og påstandar om nynorsk er lagt til side kan ein ta fatt på sidemålsdebatten. Fram til då skal eg sitte her med nisselua godt tredd nedover hovudet.

Innlegget var først publisert på forfattaren si Facebook-side.