Mikrobølgjemagi

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mikrobølgjeomnen har heilt unike eigenskapar, og gir intens oppvarming som i nokre tilfelle er svært gunstig for dei kjemiske reaksjonane, forklarar Simen Antonsen.

Framtida.no besøker Antonsen på laboratoriet hans på på Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap ved NMBU på Ås.

Legemiddel frå havet
28-åringen fortel at djupt nede i havet er det mørkt og lite oksygen, men meir salt og høgare trykk.

– Då vert kjemien annleis, og sjøpølser, svampar og algar lagar stoff som kan brukast i medisinsk behandling.

Mange legemiddel er kopiar eller variantar av stoff som finst i naturen. Dei siste åra har Antonsen forska på å lage naturstoff som dyr på havbotnen lagar.

Ein serie kjemiske reaksjonar
For å attskape naturstoffa frå havet, trengs det meir enn éin kjemisk reaksjon. Sluttproduktet er nemleg ofte så stort og komplekst at det ikkje er mogleg å berre blande to væsker og så riste fram eit nytt stoff.

Antonsen har i staden testa og funne fram til ein serie på ti steg frå start til slutt. Starten er enkel og liten, medan slutten er stor og kompleks.

– Utfordringa ligg i å overføre idear frå papiret til kjemiske reaksjonar som fungerer. Vi har hatt mange lovande idear som ikkje var så effektive som vi hadde trudd. Angre gongar går det betre enn forventa, fortel Antonsen.

Det er her mikrobølgjeomnen kjem inn i biletet.

LES OGSÅ: Du drar ut kjønnsorgana, hardt og brutalt

Mikrobølgeomn på labben
Mikrobølgjeomnen han nyttar på laboratoriet har verken ei roterande glasplate, gult lys eller eit pling når han er ferdig, men verkar elles på same måte som mirkoen på kjøkkenet.

SimenAntonsenLabMicroWeb

I staden har Antonsen eit spesiallaga instrument (biletet) som er laga til bruk på eit kjemilaboratorium. Mikrobølgjene gjer nemleg at dei kjemiske reaksjonane går fortare.

Mikrobølgjene varmar reagensane til høge temperaturar. Berre molekyla som skal reagere vert påverka av mikrobølgjene, og reaksjonen er ferdig på nokre få minutt.

– Vi følgjer naturlovene, men vi hjelper naturen til å jobbe i den retninga vi ønsker, seier han.

LES OGSÅ: Genredigering for alle – ein revolusjon!

Kontrollar
Etterpå tilsett Antonsen nye reagensar for å avslutte reaksjonen, og så startar arbeidet med å kontrollere at alt har gått som planlagt. Antonsen nyttar mellom anna ei NMR-maskin, kjemikarane sin versjon av ei MR-maskin på eit sjukehus, til å undersøke resultatet.

– Vi sender stråler av radiobølgjer mot stoffet vi har laga, og så måler maskina korleis stoffet vert påverka av bølgjene. Resultatet er eit såkalla spekter, ein graf som fortel om vi har fått det stoffet vi planla.

SimenAntonsenTeamWeb
– God kjemi er noko ein oppnår saman, ikke åleine, seier Antonsen, her saman med Anders Haukebø (23), Lars-Inge Johnsen (29) og Sara Rønning (23) på kjemilabben. Foto: Åsmund H. Eikenes

Dersom alt er som det skal, held prosessen fram, steg for steg, heilt til det komplekse sluttproduktet er klart i store nok mengder til at ein kan teste det. Kanskje kan det brukast i medisinsk behandling, eller vere til inspirasjon for andre forskarar rundt om i verda?

Les om roboten Dyret, som har lært seg sjølv å gå

Faktaboks

Simen Antonsen (28)

Stilling: PhD-stipendiat i organisk kjemi, NMBU, Ås

Forskingsprosjekt: Syntese av naturstoff frå havet

Dings: Mikrobølgjeomn