Derfor studerer unge i utlandet
Ein ny rapport syner at det er ulike motiv som ligg bak, når norske studentar vel å studere i utlandet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mangel på studieplassar
Ønskje om nye impulsar, mangel på studieplassar i Noreg, karrieremoglegheiter og kvalitetsvurderingar er blant dei viktigaste årsakene til at nordmenn vel studiar i utlandet. Dette kjem fram i ein rapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) på oppdrag frå ANSA, Helsedirektoratet, Lånekassen, NOKUT, Senter for internasjonalisering av utdanning og Universitets- og høgskulerådet.
Utanlandsstudentane er overrepresenterte på utdanningar som er vanskelege å komme inn på i Noreg, som til dømes medisin og odontologi. Studentar på slike fag vel utdanning i utlandet primært fordi dei ikkje fekk plass i Noreg, ifølgje Nifu.
LES OGSÅ: Ta sjansen på utveksling
Viktig med økonomisk stønad
Det er òg ein del studentar som er opptekne av å få ei utdanning som skil seg frå den dei kan få i Noreg. Fleirtalet av studentane oppgir at stønad frå Lånekassen har vore viktig for at dei har valt utdanning i utlandet.
NIFU-rapporten tek utgangspunkt i ei spørjeundersøking der 14.128 personar som studerer i utlandet blei oppfordra til å svare òg 5.464 responderte. Dette er den største undersøkinga som nokon gong er gjennomført blant norske studentar i utlandet.
LES OGSÅ: Rekordmange nordmenn studerer ute.