Dobling av unge uføretrygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsedirektør Bjørn Guldvog er bekymra over at talet på uføretrygda i alderen 20 til 29 år er nær dobla dei ti siste åra. 

– Dette er svært urovekkjande, det representerer tapte moglegheiter og mykje unødvendig liding for enkeltmenneske. Det er avgjerande for samfunnsutviklinga, berekrafta og produktiviteten at fleire sektorar også har god helse som mål, seier helsedirektøren.

Helsedirektoratet la torsdag fram nye tal som blant anna omfattar den norske helsa samanlikna med andre land, og utanforskap og fråfall i vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Fulle klasserom, tomme blikk

Fleire med psykiske vanskar
Ifølgje NAVs nyaste statistikk er 13.046 unge frå 20 til 29 år uføretrygda, noko som er nær ei dobling dei siste åra. Den raskast veksande gruppa uføre er unge under 30 år med psykiske vanskar. Blant uføre under 39 år har nesten 60 prosent psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar.

– Løysinga ligg ikkje i reparasjon i helsesektoren, den ligg i å førebyggje. Då veit vi at skule, arbeid og økonomi er avgjerande faktorar, seier helsedirektøren.

I haust viste tal frå reseptregisteret at fleire og fleire unge tar antidepressiv-medisinar.

LES OGSÅ: Kraftig nedgang i skulefråvær