Fleire og fleire unge på antidepressiv
Blant personar i 20-åra har bruken av medisin for depresjon, søvnvanskar og ADHD auka med 50 prosent frå 2005 til 2015.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tal frå Reseptregisteret viser at på eitt tiår auka talet på brukarar av antipsykotisk medisin, såkalla psykofarmaka, med nærare 24.000 brukarar. Auken er på 50,2 prosent, skriv Khrono.
I fjor var det over 71.000 brukarar av antipsykotisk medisin i aldersgruppa 20 til 29 år.
Auken er størst i bruken av ADHD-medisin, som har gått opp med 318 prosent – men samtidig er det færrast brukarar av denne typen medikament. Over 30.000 personar i alderen 20 til 29 brukte antidepressiv i fjor, ein auke på 39 prosent frå 2005. For sovemedisin og roande middel er auken også på 39 prosent til nærmare 33.000 brukarar.
– Utviklinga er urovekkjande. Vi er ikkje motstandarar av medisinar, men dette er uroande dersom antidepressiv blir førstevalet for behandling, når førstevalet burde vere samtale og oppfølging, seier kommunikasjonssjef Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom til Khrono.