Kvalen stoppar å eta under militærøving

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvalen stoppar å eta

Ei beitande mor med kalv slutta å beita momentant då forskarane sende ut lydimpulsar frå sonar. Ho brukte også lang tid å koma i gang att, fortel Havforskingsinstituttet.

Større, einslege knølkvalar reagerte derimot mindre på sonarlyden.

– Det kan bety at meir sårbare grupper som mor og kalv, oppfattar sonarlyden som ein fare og difor responderer sterkare og meir langvarig, seier forskar Lise Doksæter Sivle som er hovudforfattar for den nye studien.

LES OGSÅ: Forskingsnytt: Ein genmodifisert baby, nordpolen og kyborgar

Kan forstyrra kraftig
Sivle peikar likevel på at kvalane i forsøket berre blei utsette for sonarlyd i om lag ti minutt, og at situasjonen er ein heilt annan når det går føre seg reelle militærøvingar med sonar.

– Ei vanleg, fullskala øving kan vara i fleire timar og gjerne dagar og involvera fleire sonarskip, og kan difor koma til å forstyrra beitande knølkval i området ganske kraftig, seier ho.

For å unngå dette, skal resultata frå studien brukast til å planleggja sonarøvingar slik at dei i minst mogleg grad kolliderer med årstider og område der knølkvalen beitar.

LES OGSÅ: Plastposar i kval bekymrar miljøekspert og Magen på kvalen var fullstappa av plast.