Plastposar i kval bekymrar miljøekspertar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då forskarar frå Universitetet i Bergen opna magesekken på ein sjuk gåsenebbkval som måtte avlivast laurdag, fann rundt 30 plastposar i tillegg til ein del småplast. Tarmsystemet til kvalen var fullstendig tømt for næring, og alt tyder på at den har hatt det vondt.

– Det er det ingen tvil om. Eg tør ikkje anslå kor lang tid det har tatt før den har fylt opp magesekken med plastposar. I dette tilfellet har plastpartiklar hopa seg opp og skapt ein propp i systemet, seier zoolog og førsteamanuensis Terje Lislevand ved Universitetet i Bergen.

Les meir om saka her: – Magen på kvalen var fullstappa av plast

Krev norsk handling
Marin forureining er eit aukande problem. Ifølgje FNs miljøprogram hamnar over åtte millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg. Miljøorganisasjonen Greenpeace oppfordrar no den norske regjeringa til å gå føre med eit godt eksempel.

– Vidar Helgesen (klima- og miljøminister, H) viste i fjor godt leiarskap då verda blei einige om eit forbod mot HFK-gassar. No må han gå føre og vise det same leiarskapet for å stanse den marine forsøplinga gjennom ein internasjonal avtale, men også med konkrete tiltak her i Noreg, skriv Greenpeace-leiar Truls Gulowsen i ein e-post til NTB.

I tillegg oppfordrar organisasjonen regjeringa om å erstatte gummigranulat i kunstgrasbaner med meir miljøvenlege alternativ, opprette tilskotsordningar for reinsing av avløpsslam for mikroplast og styrke ordningar som gjer det gratis å levere søppel frå havet.

plastic_in-_whale_stomach
Dette synet møtte forskarane då dei opna magen på kvalen. Foto: Christoph Noever, UiB

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

Plast i dyr utbreidd
Ekspertar ved miljøinformasjonssenteret GRID-Arendal, som samarbeider tett med FNs miljøprogram, omtaler nyheita om gåsenebbkvalen som alarmerande. Men det er langt frå det første dømet på plastforureining i dyr.

– Det er vel dokumentert at plast er funne både i fuglar, havskilpadder og pattedyr. Ein nyleg rapport frå GRID-Arendal viser at fleire enn halvparten av alle kvalane som blei undersøkte i studien, hadde plast i fordøyingssystemet, seier Joan Fabres, som jobbar i stiftinga.

Direktør Peter Harris i GRID-Arendal seier at noko må gjerast så fort som mogleg.

– Våre rapportar indikerer at problemet med plastsøppel berre vil auke med åra dersom vi ikkje grip sjansen til å handle no, seier Harris.