– Ikkje undervurder elevane

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KOMMENTAR: Fleire elevar og ein lærar ved Bømlo vidaregåande skule fortel at det er mindre stress i norskfaget etter at tre norskkarakterar vart kutta ned til to. Skulen er med på eit forsøk om å ha færre norskkarakterar i halvårsvurderinga.

Slår ein saman nynorsk og bokmål blir det opp til kvar enkelt lærar å bestemma kor mykje vekt ein legg på hovudmål og sidemål. Dette vil føra til store forskjellar i praksisen på ulike skular.

Om ein slår saman norskkarakterane for godt, vil nynorsken då framleis bli prioritert i skulen? Dessverre trur eg at svaret er nei.

Undervurderer elevane
Regjeringspartiet Høgre vil fjerna heile sidemålskarakteren. Kunnskapsministeren uttalte nyleg at målet om å få alle elevar skriveføre i både bokmål og nynorsk er «ein utopi». Dette er sterkt urovekkjande. Torbjørn Røe Isaksen undervurderer læringsevna til elevane.

Meistring av språk er ein viktig kompetanse. Me har to jamstelte målformer i Norge, og elevane bør læra seg begge.  

I praksis er fjerninga av norskkarakterar, ein trussel for nynorsken. Det var fleire elevar som brukte nynorsk som hovudmål i 2016 enn føregåande år, men dei er likevel i eit mindretal. 12 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål.

Ved å ha karakter i både sidemål og hovudmål, sikrar ein opplæring i begge målformene. Norskfaget er krevjande og stort, og i ein travel kvardag vil ein måtte nedprioritera område av faget som ikkje har teljande karakter.  

Tre karakterar
Den første delrapporten frå norskforsøket konkluderer med at å kutta talet på karakterar ikkje er eit godt svar på utfordringane i norskfaget. Forskarane stiller spørsmål ved om utfordringane med vurdering kan ha bakgrunn i eit større dokumentasjon- og tidsproblem i skulen, som også går utanfor norskfaget.

Delrapport nummer to frå norskforsøket viser at om ein har færre karakterar så har lærarane tid til å gi meir framovermeldingar og undervegsvurderingar i faget.

Elevane på Bømlo rapporterer om mindre stress, men dei etterlyser også meir fokus på skriving og mindre litteraturhistorie.  

Stilling ledig: Norsklærar
Norsk er utfordrande å undervisa i, og det er mykje informasjon som skal lærast for elevane. Mange kompetansemål skal gåast gjennom, samstundes som ein skal ha fokus på godt språk og skriving.  

Skulane opplever ofte at det er utfordrande å rekruttera norsklærarar. Kikkar ein gjennom kva lærarstillingar som vert utlyste, er det ikkje reint få av dei som har «Norsklærarar» i tittelen. Kanskje burde det stått med lita skrift: «Enorme mengder retting av stilar»?

Slik norskundervisinga er organisert i dag må lærarane gjennomføra svært mange prøvar og stilar, for å sikra eit godt vurderingsgrunnlag. Norsk er eit omfattande fag, og ein kan stilla spørsmålet med kva ein skal gjera med faget?

Meir norsk?
Eg håpar at dette ikkje er det første steget på vegen mot ein nynorsklaus skule.

Norskfaget er modent for ei endring. Men å redusera talet på karakterar er ikkje svaret. Det er viktig å behalda dei avsluttande karakterane i hovudmål, sidemål og munnleg.

Ein av elevane ved Bømlo vidaregåande skule, sa det så fint:

– Me kunne jo berre hatt endå fleire norsktimar!

Faktaboks

 Forsøk med færre norskkarakterar

– I dag får elevar på ungdomsskulen og den vidaregåande skulen tre norskkarakterar: skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg

– Saman med 20 ungdomsskular og 190 vidaregåande skular har Bømlo vidaregåande skule færre norskkarakterar

– Skulane kan ha éin samla karakter eller to karakterar, ein skriftleg og ein munnleg i halvårsvurderinga i norsk

– Timetalet i norsk er fire timar i Vg1 og Vg2, medan i Vg3, når avgangskarakter i faget skal setjast, er det seks timar

– Regjeringa har forlenga prosjektet fram til 2019