Fleire nynorskelevar i 2016

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I inneverande skuleår har talet på nynorskelevar i grunnskulen har auka med 160 frå  skuleåret 2015/2016. 

Etter tretten år med nedgang i nynorskelevtalet er denne trenden snudd i år.

– Det er veldig kjekt at det har blitt fleire nynorskelevar siste året, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

I heile grunnskulen frå 1. til 10. klasse er det no 76.549 nynorskelevar, noko som tilsvarar 12,2 prosent.

Auken finn me i hovudsak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, men også Oppland og Aust-Agder har fleire nynorskelevar enn i fjor. 

– Auken kjem nok i hovudsak av at talet på barn i nynorskområde går opp, seier Aasbrenn.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar