Livsnytarar lever lenger
Ifølgje forskinga ser det ut til å vere lurt å ha ektefelle, jobb og god råd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dess lenger du klarer å glede deg over livet når du blir gammal, dess mindre er risikoen for å døy tidleg. Det har britiske forskarar funne ut, skriv Forskning.no.
Studien er publisert i tidsskriftet BMJ og omfatta nesten 9500 kvinner og menn over 50 år.
Visste du at også boklesarar i snitt lev to år lenger enn dei som ikkje les?
Glade kvinner
Den britiske undersøkinga viste at fleire kvinner enn menn fryda seg over livet. Kvinner lever i snitt lenger enn menn, kor mykje varierer frå land til land.
I tillegg var det fleire livsglade blant dei som var gifte eller sambuarar. Utdanning og god økonomi spelte også positivt inn. Dei yngste blant deltakarane og dei som hadde ein jobb å gå til, var også overrepresenterte i den livsglade gruppa.
Forskarane fann ein tydeleg samanheng mellom livsglede og livslengd. Døyingstala steig nemleg proporsjonalt med kor få lyspunkt folk oppgav at dei hadde i livet.
Forskarar meiner òg å ha funne at folk med eit mål i livet lever lenger.
Observasjon
Også tidlegare forsking har vist at det er ein samanheng mellom kor tilfredse folk er med livet og kor lenge dei faktisk lever. Det nye med denne studien er at forskarane har undersøkt kva effekt det har å glede seg over livet over lengre tid, ikkje berre på eit bestemt tidspunkt. Samtidig strekar forskarane under at fordi dette var ein observasjonsstudie, kan dei ikkje trekke direkte slutningar om at livsglede i seg sjølv gjer at ein lever lenger.
Er du på flyttefot? Sjekk kvar i Noreg folk lev lengst!