Her lever dei lengst i landet​

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no. 

Sogndal: Det er Kommunal Rapport som har plukka tal frå Statistisk sentralbyrå og kome fram til dei kommunane med høgast og lågast forventa levealder i Norge.

Sogndal tronar på toppen i lag med Gloppen, Radøy, Kvam og Lindås med ein forventa levealder ved fødsel på 88,3 år.

– Det er ein positiv statistikk, men me må kvar enkelt i størst mogleg grad ta ansvar for vår eiga helse. Der har vi alle heilt sikkert ein del å gå på, også ordføraren, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal.

Heilt nedst finn vi Søndre Land kommune i Oppland. Her er forventa levealder berre 77,8 år, altså 4,5 år kortare enn i Sogndal.

Deler vi opp etter fylke og kjønn er det kvinner frå Sogn og Fjordane som kjem best ut. Dei kan forvente å leve i 85,2 år, medan menn i Finnmark er avspist med 77,2 år. Likevel er det slik at levealderen til menn og kvinner nærmar seg kvarandre.

LES OGSÅ: Lever lengre i nynorskland