Boklesarar lever lenger

Menneske som les bøker, kan gjennomsnittleg leve to år lenger enn menneske som ikkje les, viser ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.12.2019 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aukar levealderen med to år

Forskarar ved det prestisjetunge Universitetet Yale i USA har tatt for seg lesevanar hos 3.635 menneske som var 50 år eller eldre over tolv år. Studien, som er publisert i det internasjonale tidsskriftet Social Science & Medicine, viser at boklesarar i gjennomsnitt lever to år lenger enn menneske som aldri opnar ei bok.

Undersøkinga viste også at det gir betre helseeffekt å lese bøker enn magasin og aviser. Ifølgje den britiske avisa The Guardian meiner forskarane at dette heng saman med at bøker engasjerer hjernen betre og gir fleire kognitive fordelar, noko som aukar levetida.

Boklesing kan også auke vokabularet, konsentrasjonen og evna til kritisk tenking, og skape empati og emosjonell intelligens.

LES OGSÅ: Mannen som las 2000 bøker på eitt år

Deltakarane i undersøkinga vart delt i tre grupper: Dei som les bøker i opp til tre og halv time i veka, dei som les meir enn dette og dei som ikkje les i det heile tatt.

Dei som les mest var ofte kvinner med universitetsutdanning og god inntekt. Forskarane tok omsyn til denne faktoren og kjønn, rase, helse, arbeidssituasjon og utdanning.

Forskarane fann ut at dei som les meir enn tre og halv time i veka, kan leve to år lenger enn dei som ikkje les. Ein halvtimes lesing om dagen kan dermed tilrådast. Ifølgje ein av forskarane, Avni Bavshi, lever dei som les mest lengst. (©NPK)

Tidlegare har me skrive at folk lever lengre i nynorskland.

Her kan du få tips til gode nynorske bøker.


Meld deg på nyhendebrev med siste boknytt her!