Forsøk på å repetere sentrale forskingsfunn gir uklare resultat.

mm

For at forskingsresultat skal kome til nytte, må funna kunne bekreftast av andre, uavhengige forskarar. Resultata frå internasjonal kreftforsking dannar grunnlaget for kliniske studiar til hundrevis av millionar kroner, der målet er å hjelpe stadig fleire kreftpasientar. Då er det viktig at grunnlaget er solid.

Ein viktig, men ofte nedprioritert kontroll, er at andre forskarar repeterer forsøka. I 2012 opplyste bioteknologifirmaet Amgen at dei hadde mislukkast i å repetere 47 av 53 svært viktige forskingsartiklar. Amgen har ikkje sagt kva arktiklar dei prøvde å repetere.

No har eit tilsvarande prosjekt offentleggjort svara frå sine repetisjonsforsøk. Det nye prosjektet, Reproducibility Project: Cancer Biology, er ope tilgjengeleg, så alle kan lese og vurdere eksperimenta. 

LES OGSÅ: Desse elevane får forske i skuletida

Uklare resultat
Resultata er dei første frå ein systematisk gjennomgang av totalt 29 forskingsartiklar. Diverre er resultata uklare, og ingen av forsøka på å repetere tidlegare resultat gav eintydige svar. 

– Ein enkelt feil i å reprodusere resultata beviser ikkje at dei originale funna var gale, uttala prosjektleiar Tim Errington ved Center for Open Science i Charlottesville, Virginia til Nature.

Kvar av dei fem første artiklane har fått ein grundig gjennomgang av eit uavhengig team av forskarar, anten frå ein forskingsinstitusjon eller frå eit privat laboratorium.

LES OGSÅ: Finn resistente bakteriar med ny test

For få detaljar
Av forsøka på å reprodusere dei fem tidlegare artiklane vart eitt mislukka, to vart i stor grad reprodusert (men ikkje alle eksperimenta gav resultat med statistiske skilnader), og to gav resultat som ikkje kunne tolkast.  

– Desse usikkerheitene betyr at det er svært vanskeleg å seie om kvart repetisjonsforsøk «fungerte», eller om kvar av dei originale studiane lét seg reprodusere, skriv Ed Young i The Atlantic.

Errington trekk fram at den viktigaste lærdomen så langt er at mange forskingartiklar inneheld for få detaljar om metodane som vert nytta.

Den endelege rapporten inkluderer lange lister over grunnane til at repetisjonsstudiane kan ha enda ulikt, frå temperaturen i laboratoriet til små, små variasjonar i korleis eit legemiddel vart gitt til kreftcellene.

Fleire av dei mislukka forsøka på å gjenta eksperimenta handla om reagensar (mus eller kreftceller) som oppførte seg annleis i nye omgivnader, skriv Nature.

Auka medvit i forskingsmiljøa
Administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, forklarar at det er mange faktorar som ligg bak vanskane med å repetere forskingsresultata. 

– Det blir gjort for lite for å gjenta studiar for å få bekrefta eller modifisert resultata. Anten vert det ikkje prioritert av forskarane, eller så vert det nedprioritert i evaluaring av søknader, eller så vert det ikkje vurdert som interessant nok av dei vitskaplege tidsskrifta, seier han til Framtida.no.

Hallén fortel at dei nye funna viser auka merksemd rundt det å repetere forskingsresultat, men at dei ikkje er nokre konkrete satsingar på dette i Noreg. 

I 2016 etablerte Nederland eit offentleg program for replikasjonsforsking, med budsjett på tre millionar Euro til forskingsprosjekt som tek sikte på å replikerer såkalla hjørnesteinsforsking, skriv Forskerforum.

LES OGSÅ: Vil definere robotar som personar

Høgt nivå i Noreg
– Kan vi stole på resultata frå norsk kreftforsking?

– Mitt hovudinntrykk av norsk kreftforsking er at vi i høgste grad kan stole på resultata. Dei viktigaste resultata har i stor grad blitt bekrefta i seinare studiar og har i nokre tilfelle hatt påverknad på klinisk praksis, skriv Harald Stenmark, fungerande instituttleiar ved Institutt for Kreftforsking på Radiumhospitalet i Oslo, i ein epost til Framtida.no. 

– Norsk kreftforsking ligg på eit svært høgt nivå, og vi kan stole på denne forskinga. Men dette er krevjande forsking og resultata har potensielt svært stor betyding for dei som vert ramma av kreftsjukdom. Difor må vi forvente at forskinga har høg kvalitet. Norske forskarar må samarbeide tett med fagmiljø i andre land. Eg trur auka merksemd mot repetisjon av forskingresultat i nye studiar vil vere svært interessant, både forskingsmessig og for praktisk medisin, svarar Hallén.

LES OGSÅ: Kvinne drept av superbakterie

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE