Vil definere robotar som personar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 17:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 12.januar godkjente Europaparlamentet sin juridiske komite eit utkast til retningslinjer for robotar og kunstig intelligens (AI), melder the Guardian.

– Robotar og kunstig intelligens (AI) har blitt ein av dei mest tydelege teknologiske trendane i vårt århundre. Den hurtige auken i bruk og utvikling gir nye og vanskelege utfordringar for samfunnet vårt, skriv Mady Delvaux, parlamentsmedlem frå Luxemburg, i rapportutkastet.

Robotane får rettar og plikter
I rapporten er det forslag om at dei mest avanserte autonome robotane får ein rettsleg status, omtala som “electronic personhood”.

Dette skal gi robotane spesifikke rettar og plikter, inkludert at robotane må gjere opp for seg dersom dei gjer skade på noko eller nokon. Dei mest avanserte robotane bør også samlast i eit register, skriv Delvaux.

Nao humanoid robot at the Georgia Robotics and Intelligent Systems (GRITS) Lab, Georgia Tech

Ein sliten robot, kalla Nao, ved Georgia Tech University. Foto: Jiuguang Wang / Flickr.

Eigne sett med retningslinjer
– Det vi treng no er å lage eit rettsleg rammeverk for robotane som no er på markedet eller som vil bli tilgjengelege over dei neste 10-15 åra, skriv Delvaux.

Ved å godkjenne rapporten konstaterer Europaparlamentet at det er behov for både juridiske og etiske retningslinjer for robotar og AI.

Til dømes er det openberre farar for fysiske skadar på personar ved bruk av sjølvstyrande bilar, omsorgsrobotar og robotar nytta til medisinske føremål. For robotar nytta til reparasjon og oppgradering av menneskekroppen, er det særlege utfordringar ved grensesetting.

Rapporten understrekar behovet for eit europeisk rammeverk for bruk av droner, for å sikre trykkleik, sikkerheiten og privatlivet til EU-borgarar.

Fire hovudpunkt
I utkastet til dei etiske retningslinjene for produsentar av robotar listar Delvaux fire hovudpunkt.

1. Robotar bør sette menneskets interesser først (beneficence)
2. Robotar bør ikkje skade menneske (non-maleficence)
3. Robotar bør kunne ta informerte val for interaksjon med andre robotar, der vala ikkje er påverka av menneske (autonomy)
4. Fordelane som følgjer robotar (særleg robotar til heimehjelp og helse) bør fordelast rettferdig (justice)

Produsentane bør også ha etiske retningslinjer for korleis handtere retten til privatliv.

– Ein robotingeniør bør alltid sikre at privat informasjon vert lagra på ein sikker måte, skriv Delvaux.

Av-knapp
Til designarar og utviklarar har Delvaux følgjane oppfordring:

– De bør integrere opbenbare korslutningsmekanismar (kill switches) som er i tråd med designmåla for prosjektet.

Ifølgje CNN tyder dette at robotane må kunne slåast av ved nødstilfelle, samt at robotane må kunne reprogrammerast dersom dei ikkje fungerer som planlagt.

I februar vil Europaparlamentet stemme over det endelege forslaget.

Utkastet til rapporten kan du lesa her.

Les meir om robotar og kusntig intelligens her.