Kvinne døydde av superbakterie

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei kvinne i 70-åra frå Nevada, USA, døydde av ein svært resistent bakterie, melder det amerikanske folkehelseinstituttet CDC denne veka.

Kvinna hadde tidlegare vore innlagt på sjukehus i India med ein infeksjon i ei hofte som følgje av eit beinbrot. Ho døydde på sjukehus i Reno, Nevada,i september i fjor.

CDC utførte testar av bakterien og fann at den var resistent mot alle dei 26 antibiotikuma som var godkjent for å behandle infeksjonen hennar. Dei fann at bakterien var delvis responsiv mot eit anna antibiotikum, men dette ikkje var godkjent til bruk mot den aktuelle infeksjonen.

LES OGSÅ: Ny test for å oppdage resistente bakteriar

Superbakteriar
Antibiotikumet colistin vert vanlegvis rekna som ein siste utveg for å behandle infeksjonar med multiresistente bakteriar, men for den amerikanske kvinna var dette ikkje eit alternativ. 

Superbakterien testa negativt for genet som vanlegvis gjer bakteriane resistente mot colistin, og CDC melder at det er usikkert korleis bakterien har blitt resistent mot også dette antibiotikumet.

CDC opplyser at dei ikkje har påvist fleire infeksjonar med denne typen superresitente, også kalla pan-resistente, bakteriar i Nevada, men oppfordrar til utvida bruk av kartlegging og isolasjon ved mistanke om fleire infeksjonar.

– Antibiotikaresistens er ein av dei største utfordringane for folkehelse i eit globalt perspektiv, sa avdelingsdirektør i Forskingsrådet Jannikke Ludt i desember i fjor.

– Faren er ikkje at ein enkelt pan-resistent bakterie oppstår og terroriserer verda. Det er at pan-resistente bakteriar kan halde fram med å oppstå uavhengig av kvarandre. Marerittet vil kanskje forsvinne, berre for å dukke opp ein annan plass, skriv Sarah Zhang i The Atlantic.

LES OGSÅ: Kroppen din kan ha fått eit nytt organ