Blant personar i 20-åra har bruken av medisin for depresjon, søvnvanskar og ADHD auka med 50 prosent frå 2005 til 2015.

NPK-NTB
NPK-NTB

Tal frå Reseptregisteret viser at på eitt tiår auka talet på brukarar av antipsykotisk medisin, såkalla psykofarmaka, med nærare 24.000 brukarar. Auken er på 50,2 prosent, skriv Khrono.

I fjor var det over 71.000 brukarar av antipsykotisk medisin i aldersgruppa 20 til 29 år.

Auken er størst i bruken av ADHD-medisin, som har gått opp med 318 prosent – men samtidig er det færrast  brukarar av denne typen medikament. Over 30.000 personar i alderen 20 til 29 brukte antidepressiv i fjor, ein  auke på 39 prosent frå 2005. For sovemedisin og roande middel er auken også på 39 prosent til nærmare 33.000 brukarar.

– Utviklinga er urovekkjande. Vi er ikkje motstandarar av medisinar, men dette er uroande dersom antidepressiv blir førstevalet for behandling, når førstevalet burde vere samtale og oppfølging, seier kommunikasjonssjef Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom til Khrono.

LES OGSÅ: «Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE