Fleire nynorskelevar i 2016
Auken skuldast at talet på barn i nynorskområde går opp.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I inneverande skuleår har talet på nynorskelevar i grunnskulen har auka med 160 frå skuleåret 2015/2016.
Etter tretten år med nedgang i nynorskelevtalet er denne trenden snudd i år.
– Det er veldig kjekt at det har blitt fleire nynorskelevar siste året, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
I heile grunnskulen frå 1. til 10. klasse er det no 76.549 nynorskelevar, noko som tilsvarar 12,2 prosent.
Auken finn me i hovudsak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, men også Oppland og Aust-Agder har fleire nynorskelevar enn i fjor.
– Auken kjem nok i hovudsak av at talet på barn i nynorskområde går opp, seier Aasbrenn.
LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar