Ber kommunane ta imot færre flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Porten.no.

Lærdal: – Situasjonen i november i fjor var prega av eit stort tal på asylsøkjarar og usikkerheit rundt kor mange som ville koma til Noreg vidare framover. Plantala tok høgde for ei utvikling som ikkje har slått til. No tilpassar me vår førespurnad til den reelle situasjonen, seier direktør for IMDi, Libe Rieber-Mohn.

Totalt ber IMDi kommunane om å ta imot 13.000 flyktningar i 2017. I Sogn er det fleire kommunar som vert bedne om å ta imot færre flyktningar neste år enn det dei allereie har vedteke, deriblant Årdal, Sogndal og Lærdal.

Nedtak i Lærdal

For sistnemnde sin del kjem dette som sak i kommunestyret komande torsdag. I februar i år vedtok Lærdal å ta imot 23 flyktningar, der 8 skulle vere einslege mindreårige. No skal dei i staden ta imot 10 flyktningar, men av dette kan det vere familiegjenforeiningar, noko som betyr at det i realiteten vert mellom 13-15.

Les også: Her opnar han vaksenopplæringa i Lærdal

– Eg er glad for at eg ikkje var komen lenger i prosessen med tilsette personale og ordne bustader. Eg hadde laga ein presentasjon, men den er no lagt på is, seier fagleiar for flyktningtenesta i Lærdal og Aurland, Turid Stigen Sørensen.

Ho ber dei folkevalde i Lærdal om å følgja førespurnaden frå IMDi. 

Les også: Lærdal og Aurland samarbeider om flyktningtenesta

– Det finst døme på kommunar som har tilsett personale og kjøpt bustader for å etablere bustad til einslege mindreårige, men som ikkje får flyktningar, og då får ein ikkje tilskot heller, forklarar ho. 

Økonomiske konsekvensar

Det er nemleg slik at det er IMDi som ber kommunar busette ein flyktning. Det er ikkje slik at ein kommune kan be om å få flyktningar. Dersom ein kommune då har brukt mykje pengar på eit hjelpeapparat, men ikkje får tilskot, vil det setje kommunen i økonomiske vanskar. 

Det andre perspektiv er integrering av flyktningar som kjem. Lærdal er ein liten kommune, når dette året er omme, vil kommunen allereie ha 40 flyktningar. Med ti til, er ein oppe i 50.

– Me har møtt mykje velvilje i Lærdal, men det er står forskjell på språkpraksis og ei ordinær stilling. I ein liten kommune vil det ikkje vere berekraftig med ein altfor stor eksplosjon av flyktningar med tanke på arbeidsplassar når flyktningane er ferdig med programmet, seier ho, men legg til at flyktningtenesta uansett vil respektere vedtaket til kommunestyret og vere lojale mot det.

Utfordrande

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at det å skaffe bustad til flyktningar er eit problem i Lærdal. 

Les også: Ber om hjelp til å busetja flyktningar

– Me har som mål å hjelpe flest mogleg etter kva ressursar me har, men då må me få ressursar som samsvarar med tal flyktningar, seier Sørensen.

I dette tilfellet kom heldigvis for flyktningtenesta i Lærdal brevet frå IMDi før ein rakk å ruste opp apparatet, men for andre kommunar kan det vere annleis.

– Det er sikkert ein fortvilande situasjon for dei kommunane som har rusta opp, og så kjem kontrabeskjeden. Samstundes må me ha forståing for svingingane i arbeidet. Det er ei uføreseieleg teneste. 

Sjekk tala for fylket ditt. Tala i parantes gjeld einslege mindreårige

Fylke

Førespurnad 2016

Vedtak 2016

Førespurnad 2017

Vedtak 2017 basert på førespurnad 2016

 

Østfold

780 (199)

724 (107)

480 (44)

424 (0)

 

Akerhus

1410 (381)

1347 (272)

945 (96)

568 (77)

 

Oslo

1000 (190)

1000 (198)

850 (45)

0 (0)

 

Hedmark

760 (210)

660 (131)

564 (53)

612 (75)

 

Oppland

775 (195)

707 (138)

555 (58)

405 (0)

 

Buskerud

1037 (245)

845 (101)

740 (48)

393 (0)

 

Vestfold

740 (185)

694 (164)

485 (50)

549 (0)

 

Telemark

755 (200)

693 (127)

558 (50)

496 (0)

 

Aust-Agder

580 (165)

530 (100)

474 (35)

547 (0)

 

Vest-Agder

855 (205)

800 (157)

595 (55)

335 (0)

 

Rogaland

1546 (387)

1383 (205)

1060 (92)

1137 (244)

 

Hordaland

1792 (454)

1626 (325)

1267 (119)

1442 (329)

 

Sogn og Fjordane

685 (159)

576 (72)

420 (22)

492 (99)

 

Møre og Romsdal

1078 (276)

955 (162)

737 (47)

526 (0)

 

Sør-Trøndelag

1193 (287)

1144 (239)

809 (90)

353 (0)

 

Nord-Trøndelag

656 (153)

621 (112)

474 (44)

337 (0)

 

Nordland

1531 (376)

1064 (182)

985 (96)

650 (0)

 

Troms

741 (199)

688 (114)

625 (60)

482 (0)

 

Finnmark

612 (165)

484 (68)

365 (31)

254 (0)

 

Totalt

18526 (4631)

16 541 (2 974)

12988 (1135)

10002 (824)

 

Sjå tala for kvar kommune her!