Redd Noreg taper jobbkampen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tala viser tydeleg at Norge sin posisjon på sysselsettingstoppen er trua, seier administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen i Virke til Klassekampen.

Folketalet i Noreg veks med rundt 50.000 personar i året, men sysselsettinga har dei siste åra berre vakse med eit par tusen i året, og i 2016 går det mot ein nedgang i talet på personar i jobb, formidla Virke på konjunkturseminaret til arbeidsgivarorganisasjonen måndag. Berre Luxembourg har ei dårlegare utvikling. Også Finland og Belgia er land med negativ sysselsettingsrate.

LOs sjeføkonom Stein Reegård seier Noreg tradisjonelt har lege høgt i sysselsetting, og at ein derfor ikkje må legge for mykje vekt på eitt enkelt år.

– Økonomien vår er prega av oljenedturen, medan andre land har meir å ta igjen, seier han til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Kraftig fall i sysselsettinga blant unge