Kraftig fall i sysselsettinga blant unge
Ein tøffare arbeidsmarknad gjer at fleire studerer – og dei studerer lenger.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kraftig fall i sysselsettinga
Blant dei som er mellom 15 og 24 år gamle har sysselsettinga falle med 22.000 det siste året, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), ifølgje Aftenposten.
– Nedgangen i sysselsettinga kjem spesielt i aldersgruppa 20– 24 år, og den kjem hovudsakleg i gruppa som er i heiltidsjobb, opplyser seniorrådgjevar Erik Horgen i SSB.
LES OGSÅ: Master sikrar ikkje jobb – no må du ha gode karakterar i tillegg
Samtidig som færre er i jobb, er det fleire som oppgir at dei er under utdanning, viser arbeidskraftundersøkinga frå SSB. Statistikarane seier dei har sett liknande tendensar i andre periodar med lågkonjunktur. Også BI-professor Hilde C. Bjørnland (bildet) trur dei to tinga heng saman.
– Mi gjetting er at nedgangen i sysselsette kjem av at det er blitt vanskelegare å få jobb. Det gjer at fleire vel å ta utdanning, seier Bjørnland, som er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi. Ho oppfordrar studentane til å vere bevisste når dei vel utdanning.
– Det er viktig at dei tar den rette utdanninga og ikkje berre driv rundt på universiteta eller høgskulane fordi dei ikkje fekk den jobben dei ville ha, seier ho. (©NPK)
LES OGSÅ: – Menn bør satse på omsorgsyrke