Kanskje fleire burde gjere som Harald Heide-Steen jr. å sjå bort frå «offisielle» grenser, skriv Jens Haugan i Hamar dialekt- og mållag.

Jens Haugan, dosent i norsk, Høgskolen i Hedmark
Jens Haugan, dosent i norsk, Høgskolen i Hedmark

Årets tema for Forskingsdagane er «Grenser». Den kinesiske muren er ei grense som er lett å sjå.

Muren som delte Berlin i aust og vest, var også svært synleg. 

Berlinmuren forsvann, men så byrja ein å prate om «muren i hovudet». Tyskland blei til éin nasjon igjen, med det fanst eit usynleg, mentalt skilje mellom austtyskarar og vesttyskarar. 

Les om då Berlin-muren falt: – Det var dei største demonstrasjonane eg har sett nokon gong. Eg såg væpna politi og store menneskemengder.

Grenseblind ubåtkaptein
Nokon hugsar kanskje Harald Heide-Steen jr. sin sketsj om den russiske ubåtkapteinen og replikken: «Vi kan jo ikke se den grensen under vann». 

Grenser kan vere der for nokon, mens andre ikkje ser dei, eller av ulike grunnar vel å oversjå dei.

Ein vil kunne snakke om Tyskland som éin nasjon eller som ulike regionar med store forskjellar. Kriteria ein bruker, er då tenkte avgrensingar eller grenser.

Nasjonalt vil ein kanskje velje å sjå bort frå alle typar grenser, mens lokale politikarar eller privatpersonar vil søkje og kanskje forsterke visse tenkte grenser.

Dette kan på mange måtar samanliknast med forholdet mellom dei to norske skriftspråka våre, bokmål og nynorsk.

Les innlegget: Nynorsk er faktisk det beste valet på alle måtar

Dansketida
Fram til 1300-talet hadde ein eitt relativt homogent skrift- og talespråk i Noreg, gammalnorsk.

Etter svartedauden oppstod det mange ulike dialekter, og med hansatida og dansketida blei det norske språket svært påverka av nedertysk og dansk.

Den danske påverknaden var likevel størst i byane, sidan ein der i større grad prøvde å snakke slik som ein skreiv den gongen, nemleg dansk. Dermed oppstod det språkgrenser mellom by og land.

I dag snakkar vi hundrevis av dialekter i Noreg, og vi har som regel heller ikkje store problem med å forstå svensk eller dansk. Nokre gonger er svensk eller dansk til og med lettare å forstå enn enkelte norske dialekter. Likevel avgrensar vi svensk og dansk frå norsk, mens vi kallar alle dei norske dialektene for norsk. Vi kategoriserer, og vi lagar grenser.

«Frå Hedmark»
Det norske språket består offisielt av to likestilte skriftvariantar og hundrevis av talemålsvariantar. Dersom nokon spør kva språk ein pratar i Noreg, vil ein som regel svare norsk. Ein svarer ikkje bokmål eller nynorsk.

Bokmål og nynorsk er skriftspråk som ein bruker for å kommunisere skriftleg på tvers av dialektale og  geografiske grenser.

Dersom ein hedmarking i utlandet blir spurd kvar han kjem frå, vil svaret mest sannsynleg vere «frå Noreg». Får ein det same spørsmålet i Noreg, vil ein svare ut frå andre avgrensingar. Kanskje vil ein svare «frå Hedmark», eller kanskje vil ein seie at ein kjem frå Elverum, Hamar, Kongsvinger, Løten, Stange, Trysil osv.

LES OGSÅ: Er Jens Haugan Noregs mest aktive mållagsleiar?

Eitt norsk språk
Grenser og avgrensingar kan vere nyttige, men grenser kan også vere murar.

Det er ikkje alle hedmarkingar som er fødde innanfor Hedmarks fysiske grenser, og nokon vil kanskje bruke energi på å avgrense desse frå «ekte» hedmarkingar, utan at dette hjelper verken ein sjølv eller dei det gjeld. 

Noreg har eitt norsk språk norsk, som i skrift offisielt kan representerast av bokmål eller nynorsk.

I staden for å akseptere ein inkluderande definisjon av norsk, bruker enkelte tid og krefter på å lage store murar mellom desse to skriftspråka, som om dei ikkje hadde noko med kvarandre å gjere i det heile.

Kanskje fleire burde gjere som Harald Heide-Steen jr. og velje å sjå bort frå «offisielle» grenser. Då ser ein berre eitt norsk språk, og resten er detaljar og bagatellar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE