Vart bønnhøyrt for 25 år sidan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var dei største demonstrasjonane eg har sett nokon gong. Eg såg væpna politi og store menneskemengder.

Sebastian Führer sit på prestekontoret sitt i Leipzig i Tyskland, og tenker tilbake på oktoberdagane i 1989 då hundretusenvis av demonstrantar møttes i gatene i byen hans. Folk i alle aldrar kom saman, kveika lys og ropte slagordet ”Wir sind ein Volk” – ”Me er eitt folk”. Misnøya med DRR-regimet hadde nådd kokepunktet.

LES OGSÅ: Eit system for svik 

Gudstenester for fred
I spissen for demonstrasjonane stod Christian Führer, far til Sebastian. Han var pastor i Nikolaikirche, kyrkja som hadde kalla inn til fredsgudsteneste kvar måndag i sju år. Under fredsgudstenesta kunne folk møtast for å diskutera politikk og eit samfunn basert på demokratiske prinsipp. Måndagen 9. oktober 1989 samla ei stor menneskemengde seg på kyrkjeplassen etter gudstenesta.  Innbyggarane i den aust-tyske staten DDR hadde fått nok av diktatur, dei drøymde om ei ny verd.

– Eg hugsar lettelsen over at ingen skot vart løyst den dagen, gleda mi over at demonstrasjonane var fredelege. Det var ingen aggresjon blant folk, berre mot. 9. oktober er den viktigaste datoen for meg. Det var den dagen demninga breista, fortel Führer.  

Frå den dagen auka demonstrasjonane i omfang, og spreidde seg til andre aust-tyske byar. Ein månad etter, 9. november 1989, fall Berlinmuren: sjølve symbolet på delinga av Aust- og Vest-Tyskland.

LES OGSÅ: Historia i eit bilete 

Overvaka av Stasi
Sebastian Führer var 18 år då muren fall, barndommen var prega av å ha ein opposisjonell pappa. Christian Führer kom i søkeljoset  til det hemmelege politiet, Stasi, sidan han arrangerte fredsgudstenestene i Leipzig og held talar som utfordra regimet.  

– 21 eller 22 Stasi-agentar spionerte på far min. Me snakka aldri om politikk på telefon, for den var sannsynlegvis avlytta. Eg var ofte redd for at han skulle hamna i fengsel, men av ein eller annan grunn skjedde det ikkje, seier Sebastian Führer.  

LES OGSÅ: Lost in translation 

Forfølgt – men også tolerert
Den protestantiske kyrkja hadde ein spesiell posisjon i DDR. På eine sida vart religion undertrykt av staten, sidan den braut med ateismen som var sentral i den kommunistiske ideologien. Samstundes innsåg staten at dei måtte gje kyrkja ei viss grad av fridom, sidan den betydde mykje for mange menneske.

– DDR respektere kyrkja, eg kan aldri hugsa at det kom inn politi under fredsgudstenestene, til dømes. Politiet venta alltid utanfor døra, seier Sebastian Führer.

Wolf Kötke leia ein uavhengig teologisk utdanningsinstitusjon i Aust-Berlin. Han meiner det ikkje var sjølvsagt at den protestantiske kyrkja ville enda opp som ein utfordrar til DDR-regimet.

–  I Tyskland har kyrkja tradisjonelt stått for det beståande og hatt tette band til staten. Kyrkja såg på staten som ein institusjon som sikra orden i ei syndig verd. I 1959 endra alt seg, då biskopen i Berlin, Otto Dibelius, sa at kristne ikkje var forplikta til å følgja ein urettvis stat.


Teologen Wolf Krötke sona 10 månader som politisk fange etter å ha skrive eit satirisk dikt som 19-åring. – Eg skreiv om dei obligatoriske førelesningane i marxisme og leninisme, som eg syntes var så usaklige og dumme, seier Krötke i dag. 

Fengsla for dikt-skriving
76-år gamle Wolf Krötke har sjølv kjent på kroppen dei absurde og destruktive sidene ved DDR-regimet. Som 19-åring gymnaselev hamna han i fengsel etter å ha skribla ned ei nidvise om DDR i kladdeboka si. Det uskuldige diktet var funne og sendt vidare til Stasi, det hemmelege politiet i Aust-Tyskland. Dermed måtte Krötke sona 10 månader i fengsel.

– Det var skrekkeleg å vere der for eit ungt menneske, dei skilja ikkje mellom vanlege kriminelle og politiske fangar i fengselet. Eg sona saman med tjuvar og drapsmenn. Samstundes var det ein interessant livsskule. Eg vart meir seriøs som menneske, og bestemte meg for å bli i DDR. Eg tenkte at om dei kristne forsvinn frå DDR, då blir dette ein vond stad å vera.

Eit nytt Tyskland
I dag, 9. november 2014, blir 25-årsmarkeringa for Berlinmurens fall feira over heile Tyskland. I Berlin vil lysande ballongar markera ruta der Berlinmuren gjekk, muren som kløyvde aust og vest to.

Alt vart likevel ikkje rosenraudt i det sameinte Tyskland. Tilbake i Leipzig enda fredspresten Christian Führer opp med å arbeida for dei arbeidsledige og fattige. Dei vart det mange av då den undertrykkande, men også trygge DDR-staten gjekk i oppløysing.

– Brutal konkurranse og lyst etter pengar øydelegg vår kjensle av å høyra til i eit samfunn, sa Führer i eit intervju med New York Times i 1994.

Christian Führer døydde i sommar, sonen Sebastian har gått i hans fotspor og er pastor i Leipzig.

– Far min sa alltid ”eg er ikkje revolusjonær, eg er prest”. Han ville ikkje ha revolusjon , han ville ha fred. Og det fekk han.