8700 studentar framleis i bustadkø
To veker etter studiestart er det framleis stor bustadkø.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er svært alvorleg at det enno står over 8700 studentar i boligkø hos samskipnadene. Undervisinga er godt i gang og det er der fokuset bør vera, ikkje i uro over å ha tak over hovudet, seier leiar av Norsk Studentorganisasjon, Marianne Andenæs.
Regjeringa har dei siste åra gjeve tilskot til bygging av rekordmange studentbustader. Dei høge køtala viser likevel at behovet for fleire studentbustader enno er stort. Vertskommunar kan bidra til fortgang i bygginga ved å gjera tomter tilgjengeleg og raskare saksarbeid.
LES OGSÅ: Når gode råd er billegge
I morgon møtest regjeringa til budsjettkonferanse.
– NSO forventar at regjeringa held fram den offensive satsinga på studentbustadbygginga og kronar det siste budsjettet sitt før valet med støtte til å byggja 3000 studentbustader, seier Andenæs.
LES OGSÅ: Slik får du tak i hybel
Studentsamskipnad |
Køtal 12. aug 2016 | Køtal 26. aug 2016 |
Agder | 218 | 79 |
Bergen | 455 | 349 |
Hedmark | 167 | 86 |
Indre Finnmark | 0 | 0 |
Studentinord | 200 | 231 |
Norges aktiske samskipnad | 1123 | 859 |
Oppland | 65 | 36 |
Oslo og Akerhus | 6264 | 5644 |
Molde | 25 | 15 |
Sogn og fjordane | 109 | 57 |
Stavanger | 181 | 81 |
Stord/Haugesund | 40 | 18 |
Sunnmøre | 87 | 63 |
Sørøst-Norge | 1182 | 218 |
Trondheim | 1086 | 847 |
Østfold | 0 | 0 |
Ås | 105 | 117 |
TOTAL: | 11307 | 8700 |
Kjelde: NSO