Når gode råd blir billege

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sorry at eg er sein, vi måtte berre ta ein dukkert etter joggeturen!

Lærarstudent Stian Monsen står føre oss med drypande vått hår og ei smilande jente ved sida si. Han bur på ein hybel på tusen kvadratmeter, får fire heimelaga måltid servert kvar dag, har ei vaskedame som tek seg av all reingjering og eit kjøleskap med over 30 ulike ølsortar. Våren 2011 flytta han inn på studenthytta til NTNUI midt i Bymarka. Han har ikkje angra eit sekund.

– Eg har jobba nokre hyttevakter og betalar difor berre 110 kroner dagen for full kost og losji. Det er 3410 kroner i månaden. Då eg hadde hybel i byen betalte eg det dobbelte av det eg gjer no, fortel ein nøgd Monsen.

Han flytta frå ein sliten hybel, der straumrekninga var høg og plassen trong, og meiner dette er den beste avgjersla han har teke sidan han kom til Trondheim for eitt år sidan.

– Eg oppdaga hytta etter jul, og etter det har eg vore her jamleg. Det tok ikkje lang tid før eg vart godt kjent med dei som driv hytta, og derfrå var vegen ganske kort til å seie opp den heller «shitty» hybelen min nede i byen, seier lærarstudenten.

Saman med to andre har Monsen budd heile eksamensperioden på Studenterhytta, og ser gjerne at fleire hadde gjort det same som han.

– Det er klart at ikkje alle kan flytte hit, men det er absolutt rom for fleire. Vi er som ein liten familie her oppe. Spesielt vi som bur her over lengre tid har vorte frykteleg godt kjent, seier Monsen.

Prisauke
Frå 2009 til neste år vil Noreg ha opplevt ein auke på 33 000 fleire studentar. I år tek Trondheim imot 7000 nye studentar, og dei blir møtt av ein tøft leigemarknad. Statistisk Sentralbyrå melder om ein månadleg gjennomsnittsleige på 6.923 kroner i trønderhovudstaden. Samstundes viser marknadsprisar frå hybel.no at gjennomsnittsprisen for eit rom i kollektiv har auka med 11,9 prosent mot same periode som i fjor.

I Oslo og Bergen har leigeprisane òg stega, men i motsetnad til Trondheim har dei berre auka med sju prosent. At studentar som Monsen då søkjer mot billegare, alternative løysingar, er ikkje overraskande. Mange freistar studentbustadene til Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT), men òg dei blir stadig dyrare. Prisen for ein hybel på omtrent 11 kvadratmeter ligg på rundt 4200 kroner. Men dei har ikkje plass til alle. Ikkje eingong ti prosent av dei nye norske studentane får bustad hos SiT.

Dobbeltrom
2500 trondheimsstudenter står framleis i boligkø hos SiT. Bustadsjef Synnøve Hamar i SiT meiner det ikkje naudsynlegvis tyder at dei er huslause.

– Fleire av desse har nok fått bustad i det private marknaden, men vel likevel å bli ståande på vår venteliste i håp om å få ein SiT-bustad i løpet av hausten, seier Hamar.

Det er derimot ingen internasjonale studentar på denne ventelista. Dei har nemleg fått dobbeltrom på eit gammalt sjukeheim.

– Vi har tilbode dei som skal studera i Trondheim fram til jul dobbeltrom på tidlegare Persaunet sjukeheimar. Dei virkar tilfredse med det, seier Hamar.

Sosial under tvang
Samstundes har SiT valt å løyse det stadig aukande boligpresset blant studentar med å byggje ein ny studentby i Klæbuveien 52. Han er likevel ikkje som andre studentbyar.

Prosjektleiar og eigedomssjef Bård Kåre Flem i SiT kan fortelje at det berre finst ein liknande studentby som han kjenner til, i Australia. Ståande utanfor SiTs nye praktbygg viser han stolt fram prosjektplanen, og påpeikar at Teknobyen Studentboliger er eksperimentell og nyskapande. Fem etasjar med studenthybler, eit stort felleskjøkken og 116 kjøleskap. Sjansen for at dette ikkje vil fungere i praksis er absolutt til stede, men det har SiT allereie tenkt på.

– Skulle det skjere seg heilt, har vi andre planar for bygget. Som til dømes å gjere det om til eit hotell, seier Flem.

Bustadsjef Hamar trur likevel at studentbyen vil fungere godt, og meiner det er eit fint tiltak for nye studentar i byen.

– Det vi har sett dei siste åra, er at ein del studentar som flyttar heimefrå for første gongen blir sitjande åleine og er einsame på hybelen. Unge menneske har godt av å bu med andre unge menneske, og i Teknobyen blir ein tvinga til å vere sosial, fortel Hamar.

116 studentar og eit kjøkken
Maiken Reitan er leiaren for bebuarutvalet i den nye studentbyen Teknobyen Studentboliger. Ho er sjølv student og har tidlegare vore husvert på Moholt studentby. No skal ho derimot ha ansvaret for at dei 115 naboane hennar vaskar kjøkkenet og stova kvar dag.

– Det er litt mykje å gjere akkurat no, men eg gled meg veldig til å bu her. Man har sjølvsagt ingen garanti for korleis det utartar, men eg håpar det vil gå fint, seier Reitan.

Ho tek oss med opp i andre etasjen, der det gedigne kjøkkenet er. I skrivande stund bur ho her åleine, men snart vil huset vere fylla med nye studentar.

– Eg ser på dette som eit unik høve og ei spennande utfordring. Særleg når alle 116 skal ha kvar sin innflyttingsfest, seier Reitan.

Biologistudenten håpar den nye studentbyen vil bli som ei slags folkehøgskole, der samhaldet studentane imellom vil bli sterkt.

– Eg håpar vi kan skape eit godt miljø som gjer at folk ikkje vil flytte etter berre eitt år, fortel Reitan, som tydeleg gler seg.

Nakne menn på vandrarheim
Øvst på Rosenborg bur Kristine Mari Johansen. Etter to månader på Voll studentby ville førsteårsstudenten finne eit nytt og billegare stad å bu. Svaret vart eit 13 kvadratmeter stort firemannsrom på Trondheim Vandrehjem.

– Eg trur ikkje det går an å bu meir alternativt enn dette. Ein opplever så mykje rart, og treff alt frå fjortisar som spring i gangene, kjekke surfegutar frå Australia, til menn som blottar seg utanfor dusjane, seier Johansen.

Psykologistudenten fortel vidare om fellesdusjar og toalett på gangen, men etter mange backpackarturer er vandrerheimen meir enn godt nok for den sprudlande jenta. Ho likar at det skjer mykje rundt seg, og spørsmålet om i kva grad ho trivst er nestan unødvendig.

LES OGSÅ: Utval: – Bygg 1500 studentbustader i året

– For augneblunken ville eg ikkje bytt bort dette for ein vanleg hybel. Då eg skulle finne meg eit nytt stad å bu innsåg eg at alle hyblar var utruleg dyre. Her betalar eg berre 600 kroner månaden, men eigenleg går eg i pluss, fortel Johansen.

Som student på vandreheimen jobbar ein i tillegg til å bu der, og dei lønte resepsjonsvaktene sørgjar blant anna for at Johansen ikkje treng å ha sommerjobb.

– Alternativt
Sjølv om bustadmangelen i Trondheim stadig blir større, er det ikkje noko nytt fenomen at studentar bur blant turistar på Rosenborg. Faktisk starta ordninga allereie på 1970-talet, og kvart år bor åtte studentar fast på Trondheim vandrerhjem.

– Det har vorte ganske populært å søkja seg hit, og det er mange som får avslag, seier Johansen.

Hun tittar bort på venninnen Nina Borgersen. Ho er òg blant dei heldige som har fått jobb. Jentene bur for augneblunken åleine på kvart sitt firemannsrom på vandrerheimen og er tydeleg nøgde med busituasjonen.

– Vi har det koseleg, sjølv om det er mange snodige folk her.

Johansen ler høgt. Venninnen nikkar anerkjennande.

– Det passar nok ikkje for alle å bu her, ein må like det alternativt. Og å treffe masse menneske heile tida, seier Johansen.

– Ville de valt å bu annleis viss leigeprisene var lågare?

– Det ville eg nok, men når prisane og konkurransen er som han er i dag, er eg ikkje i tvil. Dette er betre enn ein dyr hybel, seier Johansen tilfreds.

– Perfekt
Tilbake i Bymarka er atmosfæren stille og fredeleg. Tilbakelent i sofaen, klimprande på ein gitar, med vått hår etter nakenbading med ei ukjent venninne, ser larviksgutten meir enn tilfreds ut. Sjølv om ein befinner seig langt unna treige bussar, overfylte lesesalar og stressa studentar, finn likevel mange vegen til hytta og den store peisestova under eksamensperioden.

– Vi er absolutt ikkje åleine her. Folk kjem hit for å lese, slappe av, gå tur i skogen, treffe vener eller vere med på den velkjende «badstuludoen» vår, fortel Monsen medan han tek ein slurk av kveitepilsen frå Belgia.

Han legg til at det så og seie er obligatorisk at bastuludoen spelast naken.

Han har òg teke eit medvite val om å bruke naturen så mykje som mogleg, og syklar alltid, uansett der han skal. Sjølv om det tyder over tre mil med pendling til og frå skulen.

– Det er eigenleg perfekt å bu her, for då får eg ein hard treningsøkt kvar dag. Her om dagen sykla eg heim på morgonen etter ein fest i byen, då ein fyr i rasande fart på rulleski gjekk forbi meg. Eg tenkte med ein gong at ein på rulleski skal ikkje ta meg igjen, sjølv ikkje når eg er i dårleg forfatting. Då eg sykla forbi oppdaga eg at det var Petter Northug. Det var ganske morosamt, fortel Monsen, medan han ler. Jentene ved sida av han i sofaen er tydeleg imponerte.

Deler rom med 15 andre
Monsen seier sjølv at han ikkje saknar noko ved å bu på hytta.

– Du merkar den gode stemninga, ikkje sant? Det er ikkje noko du skal rekkje, du spelar kort, du sit og pratar mykje lengre, du må liksom ikkje dra ut for å finne på noko. Eg er på ein måte konstant på hyttetur, seier Monsen.

Han er uansett ikkje som den gjennomsnittlege studenten, ifølgje han sjølv.

– Eg er litt rastlaus av meg, og ikkje redd for å finne på nye ting. Du må føle litt på det at du ikkje har så mykje å gje slepp på nede i byen. Og du må vere villig til å sove på sovesal. Eg har jo ikkje noko privatliv lengjer. Eg deler stort sett rom med fem til femten andre personar kvar natt. Men det er ikkje så feitt når det ligg eit par ved sida av meg og har samleie då, det kan eg innrømme, seier Monsen.

Men han er rask med å seie at han synest hytta er fantastisk, og at han diggar å vere der. Berre tenk deg badstuludo, nakne kroppar og Bayer fleire gonger i veka.

– Det blir ikkje stort betre enn det, konstaterer Monsen.