6000 elevar skal testa korleis det er å ha fleire lærarar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6000 skal testa fleire lærarar

Dei neste fire åra skal totalt 6000 elevar i førsteklasse, fordelt på 150 ulike barneskular, vera ein del av forskingsprosjektet Two Teachers, skriv Universitetet i Stavanger hos Forskning.no.

Målet er å finna ut kor mykje fleire lærarar har å sei for læringa, og korleis ein best kan utnytta det å ha to lærarar i klasserommet. Førebels finst det lite kunnskap på feltet, noko også Torbjørn Røe Isaksen innrømmer. Likevel er det sett av rundt 800 millionar kroner til å auka lærartettleiken i barneskulane.

– Dei siste åra er det sett av mykje pengar til fleire lærarar dei første skuleåra. Men å berre setta inn ein ekstra lærar i klasserommet vil neppe føra til at elevane lærer så mykje meir. Målet med Two Teachers er å sjå korleis lærarane bør jobba for at det å ha fleire lærarar kan utnyttast best mogleg og gi best mogleg læringsutbytte for elevane, seier førsteamanuensis Oddny Judith Solheim ved Universitetet i Stavanger, som skal leda studien.

Les meir:

Frå hausten av skal studentane verte betre rusta for å avdekkje og handskast med overgrep. – Det har dei sagt i 30 år, seier sexolog.

Dårleg utvikling i skulen: Fleire går ut frå skulen utan karakterar i over halvparten av faga.

Lærarutdanninga er i endring. Tidlegare leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er skeptisk til at lærarstudentar framleis skal kunne søka om fritak frå nynorsk. – Det betyr i praksis at nokre norsklærarar ikkje kan undervisa i norsk, seier ho.