For sju år sidan var 1,1 prosent av dei mellom 18 og 29 år uføre. I dag er det 1,6 prosent. Det utgjer totalt 13.657 personar.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det siste talet er frå juni i år og er 6.000 høgare enn i same månad for sju år sidan, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er blitt gjort djupdykk i denne problematikken før og gjort interessante funn. Mellom 60 og 70 prosent av dei unge uføre skal ha uførestønad. Mellom 30 til 40 prosent hadde ikkje trengt å vere uføre viss ein hadde tatt grep på eit tidlegare tidspunkt, seier Truls Nordahl, som er direktør i Nav Rogaland.

– Den typiske historia handlar om psykiske lidingar. Om noko som har gått føre seg sidan barne- eller ungdomsskulen og har utvikla seg. Det er for seint når dei kjem til oss, seier Nordahl. Han kallar utviklinga eit samfunnsproblem og ønskjer seg større ressursar til førebyggjande tiltak.

Nordahl meiner det må ein samla innsats til – der både Nav, kommunene og fylkeskommunene deltar – for få til ei betre oppfølging av dei som utviklar problem tidleg.

– I dag er bekymringa mi at vi brukar veldig mykje ressursar på å prøve å reparere. At mengda aukar er ein indikator på at det vi gjer i dag, ikkje er godt nok, seier Nordahl. (©NPK)

Les meir:

No skammar unge seg mindre for å gå til NAV. Forskarane trur namneendring og reform er grunnen.

Veldig mange under 30 tek imot stønad. Det er ein sikker veg ut av arbeidslivet, meiner NHO-sjef Kristin Skogen Lund. Ho vil fjerna heile ordninga for unge.

Talet på elevar som avsluttar grunnskulen utan karakter i over halvparten av faga, er dobla sidan 2009. Urovekkjande, meiner leiaren i Utdanningsforbundet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE