Unge skammar seg mindre over å gå til NAV

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosialhjelp, eller «stønad til livsopphald», som det heiter no, var lenge siste utveg. Å ta imot desse pengane hadde mykje stigma knytt til seg, og var generelt knytt til skam.

Slik er det ikkje lenger, ifølgje forskarar frå Fafo og NOVA. Det skriv Universitetet i Oslo hos Forskning.no

Forskarane har mellom anna snakka med NAV-rettleiarar, som fortel at spesielt yngre brukarar ikkje kjenner på det same stigmaet i dag.

– Når ein ung person kjem til NAV-kontoret, blir sosialhjelp i større grad vurdert som berre éi av fleire ytingar du har rett på, fortel Magne Bråthen, forskar i Fafo, til universitetet.

Forskarane trekk fram namneendringa – frå «sosialhjelp» til «stønad til livsopphald» – som ein av grunnane til at det er mindre stigma. Hovudgrunnen er likevel NAV-reforma frå 2006, som sette sosialkontoret, trygdekontoret og arbeidskontoret saman. Slik vart sosialhjelp berre ein del av eit større tilbod, i staden for noko eige.

Bråthen påpeiker også at kommunane ikkje lenger har det same negative synet på sosialhjelp. Det kan heller vera ei investering, som gjer at unge heller kan hjelpa seg sjølv på sikt.

Les meir:

Veldig mange under 30 tek imot stønad. Det er ein sikker veg ut av arbeidslivet, meiner NHO-sjef Kristin Skogen Lund. Ho vil fjerna heile ordninga for unge.

Ei undersøking viser at over halvparten meiner av dei spurde meiner det er litt for lett å utnytta NAV.

Talet på elevar som avsluttar grunnskulen utan karakter i over halvparten av faga, er dobla sidan 2009. Urovekkjande, meiner leiaren i Utdanningsforbundet.