Kjenslene kan ikkje bestemma kva som er allmennkunnskap.

Privatøkonomi, livsmeistring, global oppvarming, overgrep, børsen, sexleiketøy, og korps. Skulen skal liksom ha ansvaret for alt.

Eit av kjerneproblema til den norske skulen er den uoverkommelege mengda av stoff som er trykt saman i læreplanen. Når ein skal rekka over alt, og kunnskapen blir redusert til eit mål ein må nå fordi det kanskje kjem på eksamen, mistar ein motivasjonen. Det er openbart at noko er feil med denne modellen – likevel masar folk om at alt mogleg skal inn i skulen

Problemet med å prøva å komma over ei tilsynelatande uendeleg lang liste av læreplanmål, er kjensla av at du skal læra litt av alt. Det er overflatelæring, og kunnskapen forsvinn gjerne med ein gong målet, altså eksamen, er nådd.

Joda – mykje er viktig
Kjennskap til global oppvarming, og kva som er årsaka til det, er eit typisk tema som elevane burde lært meir om i skulen. Psykisk helse også. Som høgskulelektoren Robert M. Flatås skriv i Bergens Tidende: Det er rivande likegyldig om ungdommen er best i matte eller fotball om han snart ikkje orkar å stå opp om morgonen. Det er eit solid poeng.

Men alt kan ikkje vera skulen sitt ansvar. Noko må andre institusjonar ta ansvar for – familien, til dømes. Noko må ein rett og slett læra seg sjølv, gjerne gjennom å drita seg ut. Det handlar om å veksa opp.

Overfylte læreplanar er ikkje løysinga
Å insistera på at ein allereie overfylt læreplan skal fyllast opp av endå meir, er i alle fall ikkje ei ideell løysing. Det har også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) forstått. For læreplanen skal slankast. Mykje nytt skal inn, men då skal også mykje ut. Nokre av forslaga tidlegare nemnt er på inn-lista, tilrådd av Ludvigsen-utvalet som har gått gjennom læreplanen: Psykisk helse og livsmeistring, samt meir aktuelle tema som berekraftig utvikling. Grunnen er at verda går gjennom enorme endringar, og mykje nytt blir plutseleg viktig.

Men så langt har ingen levert noko fornuftig om kva som skal ut. Elevorganisasjonen diskuterte saka over ein pizza før jul, og lufta ideen om å kutta ut fotosyntesen til fordel for berekraftig utvikling. Det forslaget falt ikkje i god jord hos biologistudenten Kathleen Rani Hagen, som skriv til same avis at dersom fotosyntesen går ut av skulen, ser ho ikkje heilt kva skulen er til for.

Kvart einaste punkt i læreplanen vil ha sin riddar som forsvarar det. Dette poengterer Oda Rygh i Dagbladet, som kallar læreplanen «ein slags samla idé om kva det er viktig å i det minste vera innom for å bli ein borgar». Og det er ei god oppsummering – kanskje spesielt fordi den viser det store problemet med læreplanen: At alle har ei meining om kva som bør vera der, og at denne meininga ofte er styrt av kjenslene.

Det er klart det skal diskuterast. Og det er klart at me må få mange meiningar på bordet, og ikkje overlata dette viktige arbeidet til ei handfull politikarar. Men me kjem ikkje nokon veg om alle vil behalda det akkurat dei føler er viktigast, samstundes som dei vil trykka inn endå meir.

PS: Om du vil delta i debatten, er du meir enn velkommen til å gjera det hos oss. Send ein mail til on.ad1568935860itmar1568935860f@spi1568935860t1568935860, så tek me det derifrå!

Meir tilrådd debatt hos Framtida.no:

Denne fekk mange med seg. Har du lest? Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol, skriv Malin Langøy Aarbø

I ordboka er «syte» definert slik: «Person, særleg kvinne, som syter mykje».Sigrid Sørumgård Botheim meiner det er på tide med revisjon.

Kommunesamanslåinga engasjerer. Men er den dårleg for miljøet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE