Børsen på pensum

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur mange tenkjer på aksjehandel som ei litt spekulativ greie. At det er ein rask måte å tene raske pengar på, at om ein skal gå inn i aksjemarknaden så skal kjøpe på botn og selje på topp. Ein av dei viktigaste tinga me gjer er å fortelje at ein må tenkje langsiktig, fortel Aksje Norge-sjef Lene Refvik.

Organisasjonen har vore rundt til om lag halvparten av kommunane i Noreg for å fortelje om aksjemarknaden på vidaregåande- og høgskular . Dei vil auka kunnskapen om aksjar blant nordmenn – særleg dei yngre.

Test deg sjølv – Forstår du økonomi?

Noreg bak Sverige
Berre fire prosent av aksjane på Oslo Børs er eigd av privatpersonar. I til dømes Sverige og andre land som me samanliknar oss med ligg det same talet på over ti prosent.

– Me ligg eit godt stykke etter. Det viser seg i undersøkingar som Aksje Norge og andre har gjort at det er kunnskap som gjer at folk ikkje tør å byrja å handla i aksjemarknaden.  Kunnskap er det viktigaste og det å byrje tidleg og få det inn òg gjennom skulen er ein viktig del av det, seier Refvik.

Frå sine skulevitjingar har Aksje Norge-sjefen inntrykk av at kunnskapsnivået er svært varierande, og ofte har samanheng med kva ungdommane har fått med seg frå foreldra. Nokre har interesse for feltet, medan andre ikkje kan noko som helst.

I tillegg til foredraga «Børs ABC» og fleire informative videoar på Youtube, har organisasjonen opplæringspakka «Penger på papiret»retta mot vidaregåande skule.

Denne elevgruppa vert òg årleg invitert til ein konkurranse , der den beste makroøkonomiske analysen vert premiert.

LES OGSÅ: Undervurderer risikoen i bustadmarknaden

Bør bli pensum
Aksje Norge-sjefen ser helst at næringsliv og aksjar vert viktigare på pensum i vidaregåande.

Slik vil ho at folk skal få eit meir naturleg forhold til aksjehandel og ord som «risiko» og «avkastning». Ho meiner finansiell forståing strekk seg lenger enn å unngå kredittkortgjeld og at fleire bør ha kjennskap til korleis best spara og investera pengane sine.

– Kanskje kunne ein hatt eit eige fag som heitte personleg økonomi, det er mange som snakkar om at hadde vore nyttig. Aksjemarknaden ser me for oss at passar inn på vidaregåande, men ein burde jo byrja enno tidlegare med generell kunnskap om personleg økonomi, slik at ein naturleg kan byggja vidare på det etter kvart som ein vert eldre. Heilt frå barneskulen bør ein få eit bevisst forhold til eigne pengar, korleis bruke og ikkje bruke dei, meiner Refvik.

Finanskunnskap i skulen er eit tema som òg får auka merksemd internasjonalt. I 2010 vart OECD-samarbeidet International Gateway for Financial Education (IGFE) skipa, der òg Aksje Norge er med. Målet er at alle medlemslanda landa skal ha ein nasjonal strategi for å auke finanskunnskap i skulen.

– I Noreg har me ikkje det, men mange andre land har no fått det. Så det er noko me treng i Noreg, slår Refvik fast.

LES OGSÅ: Minst gjeld i Leikanger

«Økonomilappen»
Då Ludvigsen-utvalet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet la ut si innstilling til framtidas skule førre månad var personleg økonomi og forbruk blant områda der dei meinte det var på tide med betring.

I tillegg til Aksje Norge sitt engasjement har Forbrukarombodet og Finans Norge utarbeidd «Økonomilappen».

Administrerande direktør i Finans Norge Idar Kreutzer var blant dei som sa seg hjartans einig med utvalet om at temaet treng høgare prioritet i utdanninga.

– Det er ingen tvil om at grunnleggjande økonomiforståing er viktig og blir stadig viktigare frå ung alder. Mange av dei vala me tek har betydning for vår personlige økonomi. Den enkelte tek på seg større risiko, og det krev kunnskap. Sparing rommar fleire komplekse problemstillingar, og sparing til eigen bolig og eigen pensjon er blitt meir aktuelt enn før, sa Kreutzer i Finans Norge i ei pressemelding.

Finans Norge meiner personlig økonomi bør komme inn som eit obligatorisk kompetansemål allereie i barneskulen, som eige fag i ungdomsskulen og bør styrkast på vidaregåande.