HiSF-studentane snur etter lang kamp mot fusjon.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

– Det er det mest spennande møtet i Høgskulestyret eg har vore i. Diskusjonen var heit, god og nesten ufin, seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Noko av det vanskelegaste eg har gjort
Etter tre timar med debatt, krasse ordvekslingar og til slutt internt møte mellom styremedlemmane som representerer dei tilsette vedtok altså høgskulestyret å gå inn for fusjon. Det betyr at Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i den nye Høgskulen på Vestlandet med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Les meir: Dette var argumenta for og i mot, i grove trekk

​Før røystinga tok til rett før klokka 15:30 stod det om ei stemme – fem var for fusjon, fem var mot. Jan Olav Fretland, som representerer Avdeling for lærarutdanning og idrett i styret, låg på vippen. Etter eit kort møte på «bakrommet» med dei andre interne representantane, orienterte han styret om at han kom til å stemma for fusjon – med god forståing i ryggen frå dei som stemte mot.

– Dette er definitivt noko av det vanskelegaste eg har gjort, var Fretland sin umiddelbare kommentar etter at avgjersla fall.

Det har Moe Albrigtsen svært stor forståing for:  

– Eg skjønar dette er veldig vanskeleg for eit kvart styremedlem. Og dei er ikkje forplikta til å meina same som studentmassen.

Høgskulestyret

I denne augneblinken blir det bestemt at Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i den nye Høgskulen på Vestlandet. Dei som syner stemmeteikn røyster mot fusjon. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fryktar for rekrutteringa
For studentane sjølve har vore klart mot fusjon. Ei gruppe studentar stod med protestplakatar framfor møterommet der vedtaket skulle fattast i framkant av dagens møte i Høgskulestyret. På ein av plakatane stod det «87% stemte nei, lytt til oss». 

– Sjølv har eg vore inne i fusjonssaka i tre år, og det har gjort meg både meir og mindre for fusjon. Det er stort politisk press utanfrå, noko eg tykkjer er uheldig. Institusjonane burde i større grad og meir reelt få bestemma dette sjølve, seier Moe Albrigtsen.

Eit moment som vart brukt både for og mot fusjon i diskusjonen rundt styrebordet gjekk på rekruttering. «Ja»-sida framheva mellom anna at ved å bli ein del av Høgskulen på Vestlandet ville ein vera sikra fleire masterstudium og kanskje PhD-utdanning (doktorgrad). Dette igjen vil kunne føra til større rekruttering fordi mange vil ta dei høgaste gradane, og fordi ein kan ta eit fullt utdanningsløp same stad, hevda desse.

«Nei-sida» frykta ein fusjon vil føra til at det høgare utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane mistar identiteten og særpreget HiSF har vore kjende for, og at dette igjen vil svekkja rekrutteringa.

– Eg tykkjer dette med rekruttering er den skumlaste biten. Særpreget vårt er svært viktig. Heldigvis skal me få høve til å profilera oss sjølve også i den nye Høgskulen på Vestlandet, seier studentparlamentsleiaren. 

«Let´s dance»
Sjølv om studentane ikkje vann fram med sitt syn, er Moe Albrigtsen klar på at dei skal bidra positivt og kreativt i den store organisatoriske jobben som no står framfor dei

– Studentane har vore veldig mot, no må me få dei til å snu på flisa – for å leggja best mogleg til rette for framtida. Og eg må få seia at dette blir spennande. Det er min lille baby. Eg skal vera med i Høgskulestyret til hausten, samt interimsstyret for den nye organisasjonen. Då får eg følgja dette heile vegen. Eg er ein kreativ person som elskar å tenkja utom ramma, så å få vera med på ein så stor prosess i ein så stor organisasjon blir veldig interessant. 

– Kva blir det viktigaste for dykk no?

– Å få med studentrepresentantar herifrå som talar studentane si sak. Det blir ein stor og tung jobb i ein mellomperiode no. Men me skal vera positivt innstilte. Ei gong her i haust spurde leiarane for Studentparlamenta i Stord/Haugesund og Bergen – Trond Ødegård og Fredrik Bødtker – om me skulle dansa. Det skulle me ikkje, svarde eg. No skreiv eg akkurat til dei på facebook: "«Let`s dance».

Du kan lesa meir om høgskulefusjonen hos Framtida.no:

Studentane i Sogndal har god tradisjon for å aksjonera. Då skulepengar skulle innførast i 2014, protesterte dei kliss nakne.

Vegen mot fusjonen har vore lang. Men det er no startar.

Vestlandshøgskulen blir nynorsk

Lenge var det planen at HiSF skulle gå saman med Høgskulen i Volda. Slik gjekk det ikkje.