Høgskulen i Sogn og Fjordane takkar nei til Volda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulen i Volda vil gjerne snakke fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane, medan HiSF-styret går for fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Styra i både HVO og HiSF hadde torsdag felles styreseminar og etterfølgjande styremøte i Loen i Nordfjord. Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) vedtok då at dei vil invitere Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til fusjon.

Vil følgje sporet sørover
Volda-rektor Johann Roppen presenterte vedtaket for HiSF-styret, som deretter diskuterte vegen vidare, ifølgje nettstaden til HiSF.

I HiSF-vedtaket heiter det at styret ser positivt på at Høgskulen i Volda tek initiativ til forhandlingar, men «finn ikkje grunnlag no for å gå vidare med forhandlingar med Høgskulen i Volda åleine».

– Styret ber rektor gå vidare i forhandlingar om ein felles fusjonsplattform med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund etter føreslegen framdriftsplan og organisering, heiter det vidare i styrevedtaket.

To av dei fagleg utnemnde styremedlemmene argumenterte ifølgje HiSF for å takke ja til forhandlingar nordover, eventuelt i kombinasjon med forhandlingane om ein Vestlandshøgskule.

– Åleinegang best
Det var i februar HiSF-styret vedtok å arbeide for ein storfusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund, om enn med eit visst atterhald. Då var det likevel stadig uvisst kor HVO ville gå etter at dei fekk nei frå Kunnskapsdepartementet til ein allianse med høgskulane i Molde og på Lillehammer. I Volda har sjølvstende til no vore eit klart førsteønske.

Volda-rektor Johan Roppen sa i styremøtet torsdag at har framleis meiner åleinegang er det beste alternativet.

– Å stå som sjølvstendig trur eg er det som gjer at vi i størst grad klarer å fylle samfunnsoppdraget vårt. Fusjonar set samfunnsoppdraget i fare. Eg trur at ein fusjon med HiSF er minst farleg for utøvinga av samfunnsoppdraget, sa Roppen, ifølgje universitetsavisa På Høyden.