Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sa med knappast mogleg fleirtal – seks mot fem stemmer – ja til å bli med i den nye Høgskulen på Vestlandet.

NPK/Framtida.no
NPK/Framtida.no

Mens styra ved Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund tidlegare på dagen torsdag applauderte for sine fusjonsvedtak, vart styremedlem Jan Olav Fretland tunga på vektskåla i Sogn og Fjordane. Han la ikkje skjul på at det var vanskeleg å få vippemakta.

– Det er ikkje så lett å vere Fretland. Eg hallar mot eit ja. Eg ser det som nesten organisatorisk umogleg å vere med å vippe denne fusjonen, sa Fretland før den siste pausen, ifølgje universitetsavisa På Høyden.

Styreleiar Trond Ueland samanfatta saka som vanskeleg.

– Eg er ikkje innstilt på noko feiring. Men det er no det startar, og det er heilt avgjerande at vi står samla framover, sa han.

LES OGSÅ: Det språkpolitiske ansvaret til høgskulen

Vil bli universitet
No skal innhaldet og utforminga den nye skulen skapast på grunnlag av fusjonsavtalen. Det skal gjerast gjennom arbeid i samarbeidsutval og nemnder under den overordna leiinga til eit interimsstyre. Det er klart at dei alt eksisterande lærestadene vert oppretthaldne, og at ein skal skapa felles studieløp og fag for studentane.

I avtalen er det også lagt vekt på å utvikla eit godt studentmiljø og god studentvelferd. Nynorsk skal vera administrasjonsspråket og hovudadministrasjonen vert i Bergen med lokale leiingar på kvar lærestad.

– Målet med ein fusjon er at me kan få til ting saman som me ikkje greier kvar for oss. Ein ny høgskule kan i større grad ta eit heilskapleg regionalt ansvar, og få større tyngde og gjennomslagskraft, seier rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen til nettstaden til HiB.

Eit mål lengre fram i tid for den nye høgskulen er å bli eit universitet for Vestlandet.

Sagaen om høgskulesamanslåinga kan nesten måla seg med kommunesamanslåinga. Her får du litt bakgrunn:

Vestlandshøgskulen blir nynorsk

Lenge var det planen at HiSF skulle gå saman med Høgskulen i Volda. Slik gjekk det ikkje.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE