Droppar krav til nynorsk i TV2

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nordmenn har i to tiår elska og hata sendingane med Eli Kari Gjengedal, Per Ståle Lønning og Elin Tvedt. Dette har vore ein suksessformel for TV2. Vi har fått amerikanske storfilmar med nynorsk tekst og ei rekkje TV2-journalistar har vunne prisar for sin gode nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Han er overraska over kulturminister Linda Hofstad Hellelands utlysing om drift av kommersiell allmennkringkastar i Noreg, ein lisens TV2 har i dag. Utlysinga inneheld ikkje krav til språkbruk, og heller ikkje til barneprogram eller støtte til norsk film- og tv-produksjon.

Kulturministeren seier ho vil droppa krava på grunn av endringar i medievanane og mediemarknaden.

LES OGSÅ: 25 prosent nynorsk i NRK

Glad for Bergen

– Vi kan ikkje ha allmennkringkastarar i Noreg som ikkje får krav om å sende på både nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Han er derimot glad for at det framleis er krav om at det skal vere dagleg nyhendeproduksjon i Bergen.

– Dette er viktig for mediemangfaldet i Noreg, både språkleg og kulturelt, seier han.

LES OGSÅ: TV2-anker fekk Mediemålprisen

– Ikkje krevjande
Aasbrenn meiner erfaringa har vist at krav om språkbruk ikkje er eit krevjande krav å stille:

– TV2 har i mange år vore eit godt føredøme når det gjeld bruk av nynorsk og dialekt i eteren. Regjeringa burde vere stolte av at Noreg har ein kommersiell allmennkringkastar som tek sitt kulturpolitiske ansvar på djupaste alvor. I staden seier kulturministeren at dette ikkje er viktig. Det skuffar meg, held Aasbrenn fram.

– Vi legg oss ikkje opp i kven som vinn neste søknad om lisensen, men synst det er ille at ikkje kulturministeren klarer å sjå det millionar av nordmenn i tjue år har sett: Kommersiell kringkasting fungerer like bra på nynorsk som på bokmål. Det kravet må Noreg framleis stille, avsluttar Aasbrenn.

LES OGSÅ: – TV2 sviktar ungdommen

Faktaboks

Kulturdepartementet kunngjorde i dag høvet til å søke om status som kommersiell allmennkringkaster. Avtalen vil innehalde krav om fortsatt nyhendeproduksjon med base i Bergen.

Her er krava som blir droppa:
• støtte norsk film- og tv-produksjon
• barne- og ungdomssendingar
• både nynorsk og bokmål i sendingane