– TV 2 sviktar ungdommen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fokuserer berre på kropp

– Då Victoria’s Secret vart kåra til Årets Gullbarbie før jul, kom me med ei oppfordring til norske TV-kanalar om ikkje å sende undertøyshowet, seier leiar i PRESS Andrea Sjøvoll.

LES SAKA: Her er årets verste reklame

– Når TV 2 likevel vel å vise dette i beste sendetid, er det tydeleg at dei ikkje bryr seg om signalet som kjem frå 4300 ungdomar i Noreg.

– Dette er eit show som berre fokuserer på kropp. Undertøyet som blir vist er underordna. Det som tyder noko er kor mange kilo modellane på catwalken har klart å gå ned sidan førre fødsel, fortset ho.

LES OGSÅ: 11-åringar ber om hjelp til å takle spiseforstyrringar

– Usunt
– Når modellane i tillegg står fram og fortel om halsbrekkande diettar dei går på i tida før showet, er det openbert for oss at dette ikkje er sunt, korkje for modellane sjølv eller for ungdomane som ser opp til dei, seier Andrea Sjøvoll.

– TV 2 Bliss er ein kanal som mange unge ser på. Press hadde håpt dei ville halde seg for gode til å vise eit show som i dei gradene byggjer på illusjonen om at det finst noko sånt som ein perfekt kropp, seier Press-leiaren i ei pressemelding.

I Bergen vil lokallaget til Press arrangera demonstrasjon frå Den blå steinen klokka 17 måndag.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Victoria’s Secret blei kåra til årets Gullbarbie i haust. Foto: Press

– Erke-amerikansk sirkus
TV2 svarer slik på kritikken frå Press:

– Dette er eit gigantisk amerikansk underhaldningsshow med verdestjerner som Justin Bieber og Rihanna som me ikkje har maken til i Noreg. Me ønskjer jo overhovudet ikkje at unge skal føla seg ille til mote og enda opp med å samanlikna seg med dette erke-amerikanske sirkuset. Me håpar at sjåarane klarar å distansera seg, og ta det for det det er, seier TV 2s kommunikasjonssjef Jan-Petter Dahl til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil merke reklamen

Kva synest du om at TV2 skal senda Victoria's Secret Fashion Show?